Haugastøl stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foto: Anders Beer Wilse (1912)

Haugastøl stasjon er ein jernbanestasjon på Bergensbanen. Stasjonen ligg i Hol kommune i Buskerud, mellom stasjonane Ustaoset i aust og Finse i vest. Følgjer ein sporet over Roa ligg Haugastøl 275,5 km frå Oslo sentralstasjon. Stasjonen ligg 988 meter over havet. Vest for Haugastøl går Bergensbanen og Riksveg 7 ulike vegar, Bergensbanen tar den nordre ruta langs Hallingskarvet, mens Riksveg 7 går lengre sør fram til og gjennom Måbødalen.

Stasjonen vart opna i 1908. Stasjonsbygningen er teikna av jernbanearkitekten Paul Armin Due, og er ei krysning mellom nasjonalromantisk og jugendstil. Bygningen vart renovert i 1963, mellom anna vart det installert toalett. I 2002 fatta Riksantikvaren eit fredningsvedtak for både stasjonsbygningen og den tilhøyrande Sløtfjord voktarbolig.[1]

Rallarvegen har sitt utgangspunkt ved Haugastøl. Den var opphavleg ein anleggsveg bygd av rallarane som bygde jernbanen. Vegen er no ein populær gang- og sykkelsti i sommarmånadene, noko som gjer stasjonen forholdsvis stor trafikk sommarstid og stasjonen er delvis betjent i denne tida. Haugastøl er ikkje mellom de største stasjonane på høgfjellsstrekninga og ekspresstoga betjener ikkje stasjonen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Melding om fredning for «Haugastøl stasjon og Sløtfjord vokterbolig på Bergensbanen, Hol kommune i Buskerud» Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]