Hauge kyrkje
| Hauge kyrkje | ||
|
Foto: kirkenorge.no |
||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Bjørgvin | |
| Prosti: | Indre Sogn | |
| Prestegjeld: | Lærdal | |
| Fellesråd: | Lærdal | |
| Sokn: | Hauge | |
| Innvigd: | 6. mai 1869 | |
| Kyrkjegard: | Ved kyrkja | |
| Arkitektur | ||
| Type: | Langkyrkje | |
| Arkitekt: | Christian Christie | |
| Materiale: | Tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 500 | |
Hauge kyrkje står på Lærdalsøyri i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og er ei langkyrkje i tre frå 1869. Kyrkja er soknekyrkje for Hauge sokn i Indre Sogn prosti.
Ho vart førd opp etter teikningar av arkitekt Christian Christie, og har ei utforming påverka av stavkyrkjene. Kyrkja har to tårn, eitt på kvar side ved vestenden av skipet.
Før denne kyrkja vart bygd låg kyrkja i soknet kring ein kilometer lenger søraust, på garden Hauge. Der stod det ei stavkyrkje som fyrste gong er nemnd i kjeldene i 1327. Denne vart avløyst av ei tømra kyrkje som vert nemd i 1649. Utpå 1800-talet var denne vorten i dårleg stand. Etter at Tønjum stavkyrkje bles ned i 1823 nekta soknepresten å halde gudstenester i Hauge kyrkje i dårleg vër, han var redd ho òg skulle blese ned. Likevel skulle det gå til 1869 før ny kyrkje stod klar, dette var dels på grunn av usemje om kvar kyrkja skulle stå. Til sist vann det argumentet fram at det var på Lærdalsøyri dei fleste i soknet budde, og kyrkja vart bygd der istadenfor på Hauge, men ho vart likevel heitande Hauge kyrkje.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Hauge kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Hauge kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
[endre] Bakgrunnsstoff
- Om Hauge kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Hauge kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
|
|
|
|---|---|
| Borgund kyrkje · Borgund stavkyrkje · Hauge kyrkje · Tønjum kyrkje |
|
|
|
|---|---|
| Bakka · Borgund nye · Borgund stavkyrkje · Dale · Farnes · Fet · Fjærland · Flåm · Fortun · Gaupne nye · Gaupne gamle · Hafslo · Hauge · Joranger · Jostedal · Kaupanger · Leikanger · Nes · Norum · Solvorn · Stedje · Tønjum · Undredal · Urnes · Vangen · Veitastrond · Årdal |