Hauge på Osterøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hauge er ei bygd på Osterøy. For bygdenamnet finn òg skrivemåten Haugo som igjen er i samsvar med den lokale uttalen på staden.

Det er ca 3 minutt med bil frå Hauge til Valestrand, 3 minutt til Lonevåg, og ca 10 minutt til Osterøybrua. Hannisdallinja er ein veg som går frå Hauge til Rongved. Det er planlagt næringslivsområde i bygda, blant anna med ein sentral brannstasjon. Osterøytunet ligg på Hauge, vart opna i 2004, og har sjukeheimsplassar og omsorgshusvære.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.