Haukåbøra

Koordinatar: 61°40′20.806″N 5°17′37.298″E / 61.67244611°N 5.29369389°E / 61.67244611; 5.29369389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°40′20.806″N 5°17′37.298″E / 61.67244611°N 5.29369389°E / 61.67244611; 5.29369389

Haukåbøra
fjell
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kinn kommune
Høgd 1 065 moh.
Kart
Haukåbøra
61°40′21″N 5°17′37″E / 61.67244611°N 5.29369389°E / 61.67244611; 5.29369389

Haukåbøra er ein fjelltopp på 1065 moh. i Kinn kommune i Vestland. Frå Haukåvatnet, ved riksveg 614, går det ein merkt sti oppover mot Børabu. Rett før ein kjem fram til denne hytta, så tar ein av til høgre og held fram oppover mot toppen. Haukåbøra er eit kjent landemerke, og ein kan sjå det frå store delar av distriktet. Toppen er òg kalla Børanipa.