Haukadalur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Haukadalur er namnet på tre ulike dalar på Island.

Haukadalur, Gullsirkelen[endre | endre wikiteksten]

Litli Geysir, Haukadalur, Iceland

Denne dalen ligg nord for Laugarvatn på Sør-Island.

Her finst nokre av dei mest kjende turistattraksjonane på øya, nemleg geysirane. Dei største geysirane i Haukadalur er Strokkur og Geysir sjølv, som dei andre har namn etter. Strokkur har utbrot kvart femte til tiande minutt, mens den større geysiren Geysir berre har utbrot fire til fem gonger om dagen. Det finst også mange andre varme kjelder i nærleiken.

Fossen Gullfoss ligg om lag 10 km nord lengre nord, i retning av dei islandske høglanda, ved byrjinga av Kjölurvegen. Likeins som Þingvellir, er Haukadalur ein del av den såkalla Gullsirkelen, ei populær turistrute på Sør-Island.

Haukadalur, Snæfellsnes[endre | endre wikiteksten]

Ein annan dal med namnet Haukadalur finst i den nordvestlege regionen Snæfellsnes. Dalen ligg sør for bygda Búðardalur. Her budde Eirik den raude, som oppdaga Grønland.

Haukadalur, Vestfirðir[endre | endre wikiteksten]

Ein tredje dal med dette namnet ligg nær Þingeyri, i Vestfjorden (Vestfirðir).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]