Haukelifjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Dyrskar

Haukelifjell er eit fjellområde og ein fjellovergang i Sør-Noreg. Området ligg i Vinje kommune i Telemark og Ullensvang i Vestland. Fjellområdet er delvis overlappande med Hardangervidda, og vert avgrensa av tettstadene Røldal i vest og Haukeli i aust.

Fjellovergangen vart opna i 1886, og er ein del av Europaveg 134. Vegen går gjennom Haukelitunnelen, som var den lengste vegtunnel i Noreg frå han opna i 1968 fram til 1982. På gamlevegen over Dyrskar ligg ein av dei eldste vegtunnelane i Noreg, opna i 1900. E134 over Haukelifjell er det viktigaste transportsambandet mellom Haugesund og Oslo.

Overnattingsstaden Haukeliseter ligg ved vegen. Det vert drive av Stavanger Turistforening, og er den mest besøkte turisthytta i landet. Haukelifjell skisenter ligg på austsida av fjellet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]