Hauld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hauld var namnet på den norske odelsbonden i mellomaldaren.

På eine sida er namnet so gammalvore, at det verkar forelda sjølv i historiebøkene, på andre sida er det eit sentralt omgrep i norsk tradisjonsarv, lange liner, som og kan liggja under dagsens ordskifte. Det er mellom anna dette omgrepet som tuftar den marxistiske klassikaren Friedrich Engels sin påstand om det frie og sjølvrådne norske småborgarskap. Historikarane er samde om at haulden var noko meir enn ein vanleg fribonde, nærmast ein slags godseigar. Det går greitt fram både av Gulatingslova og av Frostatingslova. I Magnus Lagabøte si Landslov, er einast kvalretten att av haulden sine gamle rettslege føremoner, og i seinare omsettingar av landslova til dansk vart haulden oppfatta som havdyret sjølv. På Island vart hauld omsett med riddar, noko som òg tyder på at tittelen er særs gammal. I nyare tid er det einast historikaren Kåre Lunden som har nytta den gamle tanken til Ernst Sars om ei opphavleg lagdeling i bondesamfunnet.

I England var hauld ein adelstittel, etter jarl men over baron. Namnet kom frå Noreg. Det kan vera at den høge rangen i England skuldast at vikingane var erobrarar. Sir Francis Merry Stenton teiknar i sitt standardverk Anglo-Saxon England eit levande bilete av dei norske høvdingane i nordlege England. Dei var «adelsmenn av opphøgd rang» («noblemen of exalted rank»), og ein slik kar er det som må ha gjeve namn til halvøya Holderness (hauldeneset) utanfor vikingbyen York, skriv Stenton.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Konrad Maurer: Die norwegischen Höldar, 1899.
  • Oxford Dictionary of English Surnames, 1997.
  • Kåre Lunden: Norge under Sverreætten 1177-1319, i Cappelens norgeshistorie, 1976.
  • Sir Francis Merry Stenton: Anglo-Saxon England, fleire utgåver.