Haurakigolfen

Koordinatar: 36°21′S 175°02′E / 36.350°S 175.033°E / -36.350; 175.033
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haurakigolfen
bukt
Satellittfoto som viser Auckland til venstre, Haurakigolfen i midten og Coromandelhalvøya til høgre.
Foto: NASA (Terra satellitt), 2002.
Land  New Zealand
Del av Stillehavet
Kart
Haurakigolfen
36°37′35″S 174°55′59″E / 36.626472°S 174.933139°E / -36.626472; 174.933139
Wikimedia Commons: Hauraki Gulf

Hauraki Gulf (Haurakigolfen) er ei stor havbukt på NordøyaNew Zealand. Ho ligg mellom regionen Auckland, halvøya Coromandelhalvøya og slettelandskapet Hauraki Plains. Hauraki er ei maorinemning for 'nordavind'.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Golfen[endre | endre wikiteksten]

Havbukta er ein del av Stillehavet, som ho spring ut frå i nord og aust. Ho ligg for ein stor del i ly for Stillehavet bak øyene Great Barrier Island og Hauturu/Little Barrier Island mot nord, og av den 80 km lange Coromandelhalvøya mot aust. Golfen ligg såleis godt i ly for alle vindar fråsett dei nordlege.

Tre større kanalar bind saman golfen med Stillehavet. Colville Channel ligg mellom Coromandel Peninsula og Great Barrier Island, Cradock Channel mellom dei to øyene, og Jellicoe Channel mellom Little Barrier Island og halvøya North Auckland Peninsula. Nord for Auckland stikk fleire halvøyer ut i golfen, ei av dei større er Whangaparaoa Peninsula. Tiritiri Matangi Island ligg nær enden av denne halvøya. Lenger mot nord ligg øya Kawau Island inntil Tawharanuihalvøya.

Ei rekkje strender omkransar golfen, mange av dei er har gode tilhøve for symjing og surfing.

Undr den siste istida var heile golfen tørt land, og havflata låg om lag 100 m lågare enn no.[2]

Øyer[endre | endre wikiteksten]

Vest i golfen ligg ei øykjede som skjermer munningen til Waitematahamna, ei av dei to hamnene i Auckland. Mellom desse er Ponui Island, Waiheke Island, Tiritiri Matangi og den karakteristiske vulkankjegla til Rangitoto Island, ein utsløkt vulkan som er bunden saman med den mykje eldre øya Motutapu Island med ei landbru. Øyene er skilde frå hovudlandet gjennom sunda Tamaki Strait og Rangitoto Channel.

Andre øyer i golfen er Browns Island, Motuihe Island, Pakihi Island, Pakatoa Island, Rakino Island og Rotoroa Island innerst i golfen, ved Waiheke og Rangitoto, Motukawao Islands og Whanganui Island i le av Coromandelhalvøya, og Channel Island lenger ute.

Firth of Thames[endre | endre wikiteksten]

I den sørlege enden av Haurakigolfen ligg den vide og relativt grunne armen Firth of Thames. I enden av han ligg låglandet i Hauraki Plains, forma av Waihouelva og Piako-elva. Hunua Ranges og åsane på Coromandel Peninsula reiser seg på kvar si side av armen.

Nasjonale interesser[endre | endre wikiteksten]

Solnedgang over Haurakigolfen.

Området er av stor nasjonal interesse for New Zealand når det gjeld vern av natur, dyre-, fiske- og planteliv, kulturarv og andelege og historiske interesser for maorifolket. Målsetningar for å ivareta og betra desse interessene er felte ned i forskrifter i The Hauraki Gulf Marine Park Act (2000).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

  1. Hauraki Gulf (frå Te Ara, the Encyclopedia of New Zealand)
  2. http://www.teara.govt.nz/1966/H/HaurakiGulf/HaurakiGulf/en/

36°21′S 175°02′E / 36.350°S 175.033°E / -36.350; 175.033