Haush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Haush-folket eller manek'enk var eit urfolk som levde på øygruppa Eldlandet heilt sør i Sør-Amerika. Haush budde på den austlege halvøya av Storøya i Eldlandet, og reiste jamleg på jakt til Estados-øya i aust. Haush-folket er i dag utdøydd.

I motsetnad til eldlendar-folka alakaluf, chono og yahgan, livnærte ikkje haush-folket seg av havet, men som innlandsjegerar. Dei brukte pil og boge til å jakta guanako; pilspissen var oftast laga av stein. Haush-folket var i nær slekt med selk'nam-folket, som har overlevd fram til i dag.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]