Haustkrokus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haustkrokus
Haustkrokus
Haustkrokus
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Sverdliljefamilien Iridaceae
Underfamilie: Crocoideae
Slekt: Krokusslekta Crocus
Art: Haustkrokus C. speciosus
Vitskapleg namn
Crocus speciosus

Haustkrokus (Crocus speciosus) er ei plante i krokusslekta i sverdliljefamilien.[1] Arten er opphavleg kjend frå Vest-Asia.[2]

Namnet «haustkrokus» er no det normerte namnet for denne arten, men namnet har tidlegare òg vore brukt om andre haustblomstrande krokusar, til dømes safrankrokus (C. sativus). Også tidlaus (Colchicum autumnale) har stundom vore omtalt som «haustkrokus», sjølv om det slett ikkje er ein krokus.

I Noreg er arten ein framandart som er komen inn som prydplante og er forvilla. Haustkrokus er bufast i Ås i Akershus frå 2005.[2]Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Haustkrokus». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1164. 
  3. «Fremmedartslista 2023: høstkrokus Crocus speciosus M.Bieb.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 11. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]