Haustlong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Haustlong (norrønt haustlǫng) er eit kvad frå norrøn litteratur, dikta av Tjodolv frå Kvine. Diktet har 20 strofar, kvar av dei på åtte liner. Forma følgjer dei gamle episke heltekvada. Haustlong og Ynglingatal er dei einaste kvada som er attgjevne i heilskap etter Tjodolv, saman med nokre få kvadbrot.

«Haustlong» er bevart i Skaldskaparmål i Den yngre Edda, som siterer to vers. Kvadet er ei av dei eldste skriftlige kjeldene som omtalar Loke.[1] Kvadet er primærkjelde for soga om Tjatse og Idunn, og er nemnd i Den yngre Edda som kjelde til den same forteljinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steinsland, Gro (2005): Norrøn religion : myter, riter, samfunn, Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-2607-7. Side 230-231

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Holtsmark, Anne (1956): «Myten om Idunn og Tjatse i Tjodolvs Haustlong», Studier i norrøn diktning, Oslo, ss. 96-161
  • Richard North (1997): The Haustlǫng of Þjóðólfr of Hvinir. Enfield Lock: Hisalik Press. ISBN 1874312206.

Nettstader