Haustutstillinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haustutstillinga har sidan 1930 vore halden i Kunstnernes Hus i Oslo Foto: Hans-Petter Fjeld

Haustutstillinga eller Statens Kunstutstilling er ei årleg kunstutstilling i Oslo. Utstillinga er den største markeringa av samtidskunst i Noreg, og blir arrangert kvar haust av Norske Billedkunstnere. Utstillinga er juryert på grunnlag av fri innsending. Den Nasjonale Juryen, som står for vurderinga av dei innsende arbeida, består av ein fagperson innanfor kvar av teknikkane måleri, skulptur, grafikk, teikning, tekstil og andre teknikkar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den første Haustutstillinga blei arrangert som Kunstnernes Utstilling i 1882, som ein radikal protest mot den etablerte borgarskapen sin dominans i Christiania Kunstforening, og at dei ikkje ville la ein kunstnarjury avgjere innkjøpa til foreninga si årlege utstilling. Protesten blei fronta av kjende kunstnarar som Frits Thaulow, Christian Krohg og Erik Werenskiold. I 1884 fekk utstillinga statsstøtte, og blei omdøypt til Statens Kunstutstilling. Den skulle vise kvaliteten og spennet i norsk biletkunst [1]. I 1891 blei eit bilete av Edvard Munch kjøpt inn av Nasjonalgalleriet for 200 kroner. Frå 1894 blei utstillinga arrangert på våren to gongar, men fann raskt tilbake til den faste plasseringa på hausten. Frå 1930 har utstillinga vore i Kunstnernes Hus.

Tradisjonelt har biletkunstformene skulptur, teikning, grafikk, tekstil og måleri vore representert på utstillinga. Det har likevel etter kvart blitt meir og meir vanleg at kunstnarar arbeider innanfor samlekategorien «andre teknikkar», som er foto, film, performance, lyd og så vidare. I dei siste åra har utstillinga difor vore open for eit bredt spekter av uttrykksformer. Slik har det ikkje alltid vore. Kåre Kivijärvi (1938-1991) var den første fotografen som blei tatt med på Haustutstillinga, i 1971. Han bana dermed vegen for at foto som kunstart blei akseptert. Video og mobiltelefonfoto er blant dei nyare uttrykksformene på utstillinga.

I 2004 var det 1200 påmelde arbeid til Haustutstillinga. Av desse blei 117 tatt med. Året etter var det over 1700 påmelde kunstverk. I 2004 var det 31.533 personar som vitja Haustutstillinga, ein auke på ca 2000 frå året før.

I 2008 blei 4289 verk sende inn til første juryering. Av desse blei 110 verk av 108 kunstnarar tatt med. 55 deltakarar var debutantar.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 5. september 2008. Haustutstillinga 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]