Haus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hausvik)
Haus
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Osterøy
Areal 0,35 km²
Folketal 581  (2023)
Folketettleik 1 660 / km²
Postnummer 5286 HAUS
Innbyggjarnamn hausing
Kart
Haus
60°26′52″N 5°29′59″E / 60.44777778°N 5.49972222°E / 60.44777778; 5.49972222

Haus eller Hausvik er ein tettstad i Osterøy kommune i Vestland. Tettstaden har 581 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg på sørvestsida av Osterøya. Om lag 1,5 km sør for Hausvik, på Kvistineset, går Osterøybrua over til Bergenshalvøya. Før var dette kommunesenteret i Haus kommune. Haus var også ferjestad for ferja mellom Haus og Garnes.

Haus var tidlegare ein eigen kommune. Ved kommuneendringane i 1964 vart det av fastlandsdelen skipa ein ny kommune som fekk namnet Arna. I dag er dette området ein del av Bergen kommune, medan delen av den gamle kommunen som låg på Osterøya, er del av Osterøy kommune.

Haus kommune 1837-1964[endre | endre wikiteksten]

Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. 1. januar 1870 vart området delt i Haus og Bruvik kommunar. Ved delinga hadde Haus 4229 innbyggarar. 1. januar 1964 vart den delen av Haus som låg på Osterøy overført til den nyoppretta Osterøy kommune. Samstundes vart fastlandsdelen av Haus kommune eigen kommune med namnet Arna kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Haus kommune frå 1870 til 1964:

1.1.1870 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
4229 5396 5619 7812 8902 10 400 11 185

Kyrkjesokn[endre | endre wikiteksten]

Haus er også namnet på eit kyrkjesokn i Bjørgvin bispedøme. Haus sokn omfattar den sørvestre delen av Osterøya.

Kjende personar frå Haus[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Haus 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]