Hauturu/Little Barrier Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hauturu/Little Barrier Island
øy
Little Barrier Island sett ifrå fastlandet.
Land  New Zealand
Areal 28,17 km²
Folketal 0
Kart
Hauturu/Little Barrier Island
36°12′00″S 175°05′00″E / 36.2°S 175.08333333333°E / -36.2; 175.08333333333
Wikimedia Commons: Little Barrier Island

Hauturu/Little Barrier Island er ei øy som ligg utanfor nordaustkysten til NordøyaNew Zealand. Ho ligg kilometer nord for Auckland. Øya er skild frå hovudlandet i vest av sundet Jellicoe Channel, og frå den større øya Great Barrier Island i aust av Cradock Channel. Dei to øyene med likelydande namn gir Haurakigolfen ly frå mange av stormane i Stillehavet.

Øya er ein utsløkt vulkan, grovt sett sirkulær i form, og om lag seks km tvers over. Øya har ei flatevidd på 28 km². Ho braut fram gjennom dei grunne kystfarvatna i Haurakigolfen i løpet av dei siste 500 000 åra, og er ulik alle andre vulkanske klipper i ein omkrins på 120 km. Øya, som til vanleg vert omtala som Little Barrier, hevar seg bratt mot, og er svært oppstykka av raviner frå toppen, den 722 meter høge Mount Hauturu, som er det høgastliggjande punktet i regionen Auckland.

Utanom personell frå miljøvernetaten er øya ubygd, og ho er eit av dei fremste naturreservata på New Zealand. Det er derfor strenge restriksjonar på tilgangen til øya.

Den polynesiske oppdagaren Toi kalla øya Hauturu som tyder «kvilestaden til vindane». Saman med den større naboøya fekk ho det engelske namnet sitt av kaptein James Cook den 23. november 1769.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hauturu/Little Barrier Island