Havørnulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Havørnulukka
Minnestoette Havoernulukka.JPG

Foto: Atle Råsberg

Dato 16. juni 1936
Årsak Kontrollert flyging inn i terreng
Ulukkesstad Ved Lihesten i Hyllestad i Sogn og Fjordane
Passasjerar 3
Mannskap 4
Omkomne 7
Flytype Junkers Ju-52/3M
Operatør Det Norske Luftfartselskap
Tok av frå Bergen lufthavn, Sandviken
Namnet på flyet Havørn
Destinasjon Tromsø lufthavn

Havørnulukka var den første ulukka innan sivil ruteflyging i Noreg. Ho fann stad den 16. juni 1936 ved fjellet Lihesten i Hyllestad kommune, på nordsida av munningen på Sognefjorden. I sjutida om morgonen flaug flyet Havørn kontrollert inn i fjellet og vart knust. Alle som var om bord, eit mannskap på fire og tre passasjerar, mista livet.

Denne morgonen var Lihesten dekt av lokal skodde. På ulukkestidspunktet heldt Havørn ein kurs som låg for langt mot aust. Flyet, som var på veg nordover, gjekk inn i skoddebanken som dekte Lihesten for kort tid etterpå å verte knust mot fjellveggen om lag 100 meter nedanfor toppen av den 777 meter høge Risnesnipa.

I flyhistorisk samanheng er denne ulukka viktig, for mellom dei omkomne og dei som etterpå hadde ansvar for redningsarbeidet finn vi pionerar i sivil norsk luftfart. Bernt Balchen var den som leidde arbeidet med å få vrakdelar og fleire av dei omkomne ned frå den bratte og utilgjengelege fjellsida.

Då ulukka hende, flaug Havørn i Det Norske Luftfartsselskap si post- og passasjerrute langs kysten mellom Bergen og Tromsø. Havørn var ein Junker av typen Ju-52/3M. Eit slikt luftfartøy kunne ta 15–17 passasjerar. Denne flytypen, som vart rekna for å ha stor lasteevne og gode kortbaneeigenskapar, var 19 meter langt og vengespennet målte 29 meter.

Laurdag 14. juni 2008 vart Havørn-ulukka markert ved avduking av ein minnestein til ære for dei omkomne og deltakarane i det vanskelege hjelpe- og identifiseringsarbeidet. Ulrik Andrew Smith foretok avdukinga. Han er slektning av fyrsteflygaren på Havørn, Ditlef Pentz Smith. Minnesteinen er fire meter høg og står på ei utsiktshøgd under den steile Risnesnipa (Lihesten) der flyet havarerte. Eit lite hefte, Havørn-ulukka som skaka fly-Noreg i 1936, forfatta av Ingemar Nordstrand, vart utgjeve til markeringa. Ei lokal arbeidsgruppe, «Havørns Minne», er ansvarleg for minnesteinen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]