Havbotnspreiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alderen til havskorpa. Den yngste skorpa (raud) er òg senter for spreiinga.

Havbotnsspreiing eller oseanspreiing skjer ved midthavsryggane, der ny oseanskorpe vert danna ved vulkansk aktivitet og så gradvis flyttar seg bort frå ryggen. Havbotnsspreiing forklarar mellom anna kontinentaldrift i platetektonikkteorien.

Tidlegare teoriar (til dømes av Alfred Wegener) for kontinentaldrift var at at kontinenta «ploga» seg gjennom sjøen. Ideen om at det var havbotn sjølv som flyttar seg (og tar kontinenta med seg) ved at han utvidar seg vart lagt fram av Harry Hess frå Princeton University i 1960-åra. Teorien er i dag stort sett akseptert og fenomenet vert skapt av konveksjonsstraumar i den svake, øvre mantelen eller astenosfæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Havbotnspreiing