Have You Ever Seen the Rain?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Have You Ever Seen the Rain
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Pendulum
B-side «Hey Tonight»
Utgjeve Januar 1971
Innspelt 1970
Sjanger Rock, roots-rock
Lengd 2:39
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
«Lookin' out My Back Door»
(1970)
Have You Ever Seen the Rain «Sweet Hitch-Hiker»
(1971)

«Have You Ever Seen the Rain» er ein song skriven av John Fogerty og gjeve ut som singel i 1971 frå albumet Pendulum (1970) av den amerikanske rockegruppa Creedence Clearwater Revival. Songen gjekk til topps på salslista i Canada i mars 1971. I USA nådde han åttandeplassen på Billboard Hot 100 same året og på Cash Box-lista nådde han tredjeplassen, medan han i Noreg nådde andreplassen og i Storbritannia berre 36. plass i Storbritannia. Det var den åttande singelen til gruppa som selde til gullplate i USA.[1]

Somme har spekulert i om teksten syner til Vietnamkrigen, der «rain» eller «regn» er ein metafor for fallande bomber.[2] Fogerty sjølv har i intervju og på konsertar sagt at songen handlar om det dårlegare forholdet som hadde oppstått i bandet og som førte til at broren Tom slutta i bandet.[3]

John Fogerty gav ut ein konsertversjon av songen på hans The Long Road Home - In Concert frå Wiltern Theatre i Los Angeles i 2005.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vert spelt i bakgrunnen i filmen «Philadelphia».
  • Ein kan høyre heile songen mot slutten av «Look Again», den første episoden av fjernsynsserien Cold Case.
  • Songen vert nytta i opninga av filmen Evan Almighty.
  • Songen vart spelt i The Longest Yard frå 2005.
  • I filmen December Boys kan ein høyre både CCR-versjonen og ein rolegare instrumentalversjon.
  • Ein kan høyre songen i ein av episodane av Tour of Duty, kalla «The Good, the Bad and the Dead» (slutten).
  • Dexter i episoden «Father Knows Best».
  • I sesongfinalen av Nurse Jackie.
  • I siste episoden av Stargate SG-1.
  • Han er spelbar i videospelet Rock Band 3 .

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]