Havhest
| Havhest | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | dyr | |
| Rekkje: | virveldyr | |
| Klasse: | fuglar | |
| Orden: | stormfuglar | |
| Familie: | eigentlege stormfuglar | |
| Slekt: | Fulmarus | |
Havhest (Fulmarus glacialis) er ein stormfugl som hekkar i Noreg. Dei liknar på måser, men er ikkje i nært slektskap med dei. Havhesten er ca. 48 cm lang, veg ca. 750 g og har eit vengespenn på 101–117 cm. Den nærskylde sørhavhesten er litt større og har eit vengespenn på 115–120 cm. Begge inngår i gruppa havhestar.
Havhesten lever av fisk og fiskeslo. Fuglane flyg ute over havet mesteparten av tida, bortsett frå i hekketida.
Talet på havhestar auka i føre hundreåret, men er nå minkande. Moglege forklaringar er klimaendringar og mindre tilgang på fiskeslo frå kommersielt fiske.
Levevis [endre]
Som andre stormfuglar har havhestane avgrensa gange, men er sterke flygarar med eit breitt vengespenn, og stive vengeslag, som er heilt ulike måkane sitt. Havhestane ser kraftige ut i høve til måkane, og har korte, tjukke nebb.
Dei hekker i fjellhyller og legger eitt kvitt egg, som dei rugar på i 55–57 dagar. Som forsvar mot trugande rovfugl kan ungane kasta opp ei illeluktande olje mange meter. Luktolja vil matte fjørdrakta til rovfuglane, og kan føra til at dei døyr.
Bakgrunnsstoff [endre]