Havnivå
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havnivå viser til gjennomsnittshøgda på havet i høve til eit vald referanseområde på landjorda. Ut frå dette nivået kan ein oppgje høgda på stader eller geografiske formasjonar i meter over havet.
Havnivået kan stiga i samband med at sjølve havet endrer seg gjennom prosessar som til dømes global oppvarming, eller ved at eit landområde stig, som den skandinaviske halvøya etter istida.