Havrettstraktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Havrettstraktaten (engelsk United Nations Convention on Law of the Sea, UNCLOS) er ein internasjonal avtale som regulerer ferdsel og økonomisk aktivitet på opent hav, og rettane kyststatar har til nære havområde.

Tre havrettskonferansar i regi av SN gav havrettstraktaten som resultat. Traktaten vart opna for signering i 1982 og var gyldig internasjonal rett i 1994 då 60 land hadde ratifisert avtalen. Havrettstraktaten har skapt universelle reglar for korleis konfliktar med omsyn til bruk av havet skal løysast, kven som har forvaltningsansvar for havområde og rettar til ressursar i internasjonalt farvatn.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hugo Grotius, forfattaren av «Mare Liberum»

Havrettstraktaten vart naudsynt fordi den gamle tesen om «Mare Liberum» ikkje fungerte i ei moderne verd. Ideen om Mare Liberum (altså eit fritt og ope hav) vart først formulert av den nederlandske tenkaren Hugo Grotius i ei bok med same namnet. Før denne tid var det uklårt kva rettar som gjaldt på det opne havet. Pave Aleksander VI hadde tidlegare delt verda og hava mellom Spania og Portugal, og desse landa hevda denne eigarskapen[1]. I takt med at handelsinteressene i særleg England og Nederland voks fram vart det uråd for desse landa å akseptere spansk og portugisisk eigarskap til hava. Dette ville hindra England og Nederland å handle med Asia og Amerika utan lov frå Spania og Portugal. Som eit svar på denne trongen til frie handelsvegar oppstod då tanken om eit ope og fritt hav. Realiteten i denne tesen var at eit land hadde kontroll med kysten sin så langt ut som ein kanon kunne skyte, ca tre nautiske mil. Alt utanfor der var ope for alle.

I takt med den teknologiske utviklinga i det tjuande hundreåret vart den fridomen problematisk. Mange nasjonar ønska kontroll med havområda rundt kystane sine for å ha kontroll med mineralressursar, ureining og fiske. Dette prøvde Folkeforbundet å ta tak i. I 1930 vart det arrangert ein konferanse om temaet i Haag utan resultat. Eit av landa som underminerte ideen om opne og frie hav var USA. I 1945 erklærte Harry S. Truman einsidig at USA kontrollerte alle ressursar på sin kontinentalsokkel. Andre nasjonar følgde snart etter. Mellom 1946 og 1950 utvida Argentina, Chile, Peru og Ecuador sine suverene rettar til 200 nautiske mil for å få kontroll med dei rike fiskeområda i Humboldtstraumen. Andre land utvida territorialfarvatnet til tolv nautiske mil. I 1967 var det berre 25 land som framleis berre hevda ein rett på tre nautiske mil. 66 land kravde tolv mil og åtte land hevda rett heilt ut til 200 mil.

Den første havrettskonferansen[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1949 og 1956 vart det i SN gjennom Folkerettskommisjonen utarbeidd eit utkast til folkerett på havet. Dette arbeidet utgjorde grunnlaget for SNs første havrettskonferanse som fann stad i Genève i 1958. Konferansen vedtok følgjande fire konvensjonar, av desse har Noreg berre ratifiserte den første:

Den første havrettskonferansen vart rekna som ein suksess, sjølv om storleiken på territorialfarvatnet ikkje vart avgjort. Dette skapte konflikt mellom fjernfiskenasjonar og kystnasjonar.

Den andre havrettskonferansen[endre | endre wikiteksten]

Den andre havrettskonferansen i 1960 førte ikkje til noko resultat på desse omstridde områda.

Den tredje havrettskonferansen[endre | endre wikiteksten]

Soner innanfor internasjonal havrett

Utfordringane knytt til ulike krav frå kystnasjonar til terretorialfarvatn vart tatt opp i SN i 1967 by Arvid Pardo og i 1973 vart den tredje havrettskonferansen samla i New York for å skrive ein ny havrettstraktat. Konferansen vara til 1982 og meir enn 160 nasjonar deltok. Konferansen vart organisert under ein ande av konsensus for å hindre at forhandlingane skulle bli dominert av sterke grupper av nasjonar. Traktaten var ferdig i 1982 og var gyldig internasjonal rett eitt år etter at det sekstiande landet (Guyana) hadde ratifisert traktaten i 1993.

Havrettstraktaten innfører ei rad nye omgrep og reglar. Dei viktigaste nye tinga som kom inn i traktaten var: grensar for dei ulike havsonene, retten til navigasjon, statusen for arkipelagiske statar, eksklusive økonomiske soner, jurisdiksjon på kontinentalsokkelen, retten til mineral og liknande på havbotn i internasjonalt farvatn, vern av marint miljø, forsking og konfliktløysing.

Traktaten avgrensar territorialfarvatnet til tolv nautiske mil. I terretorialfarvatnet har kyststaten full jurisdiksjon og kan gje kva lovar dei vil og utnytte ressursane som dei vil, men må tillate uskyldig gjennomfart. Uskyldig gjennomfart er det aller meste, men til dømes ubåtar kan ikkje segle under vatn og militære fartøy kan ikkje true kyststaten eller øve med våpen. I sund som blir nytta til internasjonal trafikk er retten til transitt enno klårare slått fast. Døme på slike sund er Bosporus og Hormuz. Utanfor territorialfarvatnet er det høve til å opprette ei «tilstøytande» sone på tolv nautiske mil. I denne sona kan kyststaten handheve reglar knytt til toll, immigrasjon og hygiene. I tillegg kan ein handheve regelbrot som er utført inne i territorialfarvatnet.

Den eksklusive økonomiske sona strekkjer seg 200 nautiske mil frå grunnlinja. Innanfor denne sona har kyststaten eksklusiv rett til å utnytte økonomiske ressursar. Dette vil for dette meste vere fiske og petroleumsutvinning.

Traktaten definerer arkipelagiske statar. Dette er statar samansett av mange øyer. Desse kan inkludere ein større del av havområda rundt staten som ein del av territoriet.

I tillegg til reglar som definerer grensar til havs etablerer traktaten generelle plikter til å ta vare på det marine miljøet og fridomen til vitskapleg forsking. Traktaten opprettar og eit internasjonalt regime for å kontrollere utvinninga av mineral frå havbotnen i internasjonalt farvatn.

Statar utan kystlinje får rett til tilgang til hava utan å bli ilagt skatt frå transittland.

Kapittel 11 av traktaten[endre | endre wikiteksten]

Kapittel 11 av traktaten etablerer eit regime for utvinning av mineral på havbotn i internasjonalt farvatn. På syttitalet var det stor merksemd rundt potensialet for utvinning av edle og sjeldne metall frå havbotn. Traktaten etablerer «The International Seabed Authority» som har rett til å innvilge søknadar om slik utvinning og til å krevje inn royalties av ei slik utvinning. USA har tatt sterk avstand frå denne delen av traktaten. USA meinte at denne delen av traktaten stod i motstrid til ein fri marknad og var redd for at royalties skulle gå til føremål som USA ikkje ønska å støtte.[treng kjelde] Dette er hovudgrunnen til at USA ikkje har ratifisert traktaten. Men USA har uttrykt støtte til dei andre delane av traktaten og etterlev desse.

Underskrifter og ratifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

██ ratifisert ██ underteikna, men ikkje ratsifisert██ ikkje underteikna

Land som har ratifisert traktaten (155):

Albania, Algerie, Angola, Antigua og Barbuda, Argentina, Armenia, Australia, Austerrike, Bahamas, Bahrain, Bangladesh, Barbados, Belgia, Belize, Benin, Bolivia, Bosnia og Herzegovina, Botswana, Brasil, Brunei, Bulgaria, Burkina Faso, Burma, Canada, Cape Verde, Chile, Cookøyane, Costa Rica, Côte d'Ivoire, Cuba, Danmark, Djibouti, Dominica, Egypt, Ekvatorial-Guinea, Estland, Den europeiske unionen, Fiji, Finland, Frankrike, Gabon, Gambia, Georgia, Ghana, Grenada, Guatemala, Guinea, Guinea-Bissau, Guyana, Haiti, Hellas, Honduras, Island, India, Indonesia, Irak, Irland, Italia, Jamaica, Japan, Jordan, Kamerun, Kenya, Kina, Kiribati, Komorane, Den demokratiske republikken Kongo, Kviterussland, Kroatia, Kuwait, Kypros, Laos, Latvia, Lesotho, Libanon, Litauen, Luxembourg, Makedonia, Madagaskar, Malaysia, Maldivane, Mali, Malta, Marokko, Marshalløyane, Mauritania, Mauritius, Mexico, Mikronesia, Moldavia, Monaco, Mongolia, Montenegro, Mosambik, Namibia, Nauru, Nepal, Nederland, New Zealand, Nicaragua, Nigeria, Niue, Noreg, Oman, Pakistan, Palau, Panama, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Filippinane, Polen, Portugal, Qatar, Romania, Russland, Saint Kitts and Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadinane, Samoa, São Tomé og Príncipe, Saudi Arabia, Senegal, Serbia og Montenegro, Seychellane, Sierra Leone, Singapore, Slovakia, Slovenia, Salomonøyane, Somalia, Sør-Afrika, Spania, Sri Lanka, Sudan, Surinam, Sverige, Sør-Korea, Tanzania, Tsjekkia, Togo, Tonga, Trinidad og Tobago, Tunisia, Tuvalu, Tyskland, Uganda, Ukraina, Storbritannia, Ungarn, Uruguay, Vanuatu, Vietnam, Jemen, Zambia, Zimbabwe.

Land som har signert, men ikkje ratifisert- (24) Afghanistan, Butan, Burundi, Kambodsja, Den sentralafrikanske republikk, Tsjad, Colombia, Republikken Kongo, Dominikanske republikk, El Salvador, Etiopia, Iran, Nord-Korea, Liberia, Libya, Liechtenstein, Malawi, Niger, Rwanda, Swaziland, Sveits, Thailand, dei Sameinte arabiske emirata, USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]