Havsvale
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Havsvale | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Procellariiformes | |
| Familie: | Hydrobatidae | |
| Slekt: | Hydrobates | |
| Art: | H. pelagicus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Hydrobates pelagicus | ||
Havsvale (Hydrobates pelagicus) er ein fugl i stormsvalefamilien. Han er den minste sjøfuglen i Atlanterhavet. Havsvala er 15-16 centimeter lang og har eit vingespenn på 37–41 cm. Fuglen har svart fjørdrakt men kvit overgump.
Havsvala lever hovudsakleg i austdelen av Atlanterhavet, og hekkar langs størsteparten av den europeiske kysten til Kanariøyane i sør. Han hekkar også i Middelhavet aust til Tyrkia. Dei største populasjonane finst på Shetland, Orknøyane, Færøyane og vest på Irland.
I folketrua var fuglen ofte sett på som eit stormvarsel.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «Havsvale»