Hawaiisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hawaiiske språk)
| Hawaiisk (‘Ōlelo Hawai'i) |
||
| Klassifisering: | Austronesisk Malayo-polynesisk Austleg Oseanisk Polynesisk Kjernepolynesisk Austpolynesisk Sentralt Markesisk Hawaiisk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | ||
| Hawaiisktalande i alt: | 1 000[1] | |
| Skriftsystem: | Det latinske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | haw | |
| ISO 639-3: | haw | |
| Wikipedia på hawaiisk | ||
Hawaiisk er eit polynesisk språk som saman med engelsk er offisielt språk på Hawaii.[2] Hawaiisk har rundt 1 000 språkbrukarar, og er rekna som eit truga språk.[3] Dei fleste stader på Hawaii er språket blitt erstatta av engelsk som daglegspråk. Den privateigde, skjerma øya Niʻihau er eit unntak der dei rundt 130 innbyggjarane har hawaiisk som førstespråk.[4]
Talet på hawaiisktalane har minka frå rundt 37 000 ved byrjinga av 1900-talet til rundt 1 000, mange av desse eldre, ved byrjinga av 2000-talet. Dei siste tiåra har det vore aukande merksemd rundt hawaiisk, og det finst no skular som gjev språkopplæring i språket på Hawaii.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Hawaiian - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hawaiiska» frå Wikipedia på svensk, den 27. mars 2012.
Fotnotar [endre]
- ↑ Ethnologue-tal frå 1995
- ↑ Constitution of the state of Hawaii, Hawaii legislative reference bureau, http://hawaii.gov/lrb/con/conart15.html
- ↑ Hinton, Leanne; Hale, Kenneth (2001) (på engelsk), The Green Book of Language Revitalization in Practice, http://books.google.com/books?id=b4-Uv129_sMC&lpg=PP1&hl=sv&pg=PP1#v=onepage&q&f=false
- ↑ Elbert, Samuel H.; Pukui, Mary Kawena (på engelsk), Hawaiian Grammar, Honolulu: The University Press of Hawaii, ISBN 0-8248-0494-5