Haweswater-reservoaret

Koordinatar: 54°31′08″N 2°48′17″W / 54.51889°N 2.80472°W / 54.51889; -2.80472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haweswater Reservoir
innsjø
Sett frå Harter Fell
Land  England
Innsjøtype vassreservoar, naturleg innsjø
Tilsig Mardale Beck, Riggindale Beck
Utløp Haweswater Beck
Opphaldstid 500 dagar[1]
Høgd over havet 246 moh.
Lengd 6,7[1] km
Breidd 0,9[1] km
Areal 3,9[1] km²
Middeldjupn 23,4[1] m
Største djupn 57[1] m
Volum 76,6 millionar[1]
Koordinatar 54°31′08″N 2°48′17″W / 54.51889°N 2.80472°W / 54.51889; -2.80472
Øyar 1
Kart
Haweswater-reservoaret
54°31′08″N 2°48′17″W / 54.518888888889°N 2.8047222222222°W / 54.518888888889; -2.8047222222222
Wikimedia Commons: Haweswater Reservoir

Haweswater er eit reservoar i Lake District i England, bygt i dalen Mardale i grevskapet Cumbria. Den kontroversielle utbygginga av Haweswater-demninga starta i 1929, etter Parlamentet vedtok ei lov som gav byrådet i Manchester lov til å bygge reservoaret for å lage ei drikkevasskjelde for byane i Nordvest-England. Det vart stor oppstand sidan landsbyane Measand og Mardale Green låg i Mardale og dei ville verte lagde under vatn. I tillegg vart dalen rekna som ein av dei vakraste i Westmorland og mange meinte ein burde la dalen vere i fred.

Demninga i Haweswater-reservoaret

Opphavleg var Haweswater ein naturleg innsjø som var om lag 4 km lang og nesten delt i to av ei landtunge ved Measand. Dei to delane av innsjøen vart kalla High Water og Low Water. Bygginga av demninga heva vassnivået med 29 meter og skapte eit reservoar som var 6 km langt og rundt 600 meter breitt. Demninga er 470 meter lang og 27,5 meter høg, og då han vart bygd vart det rekna som den aller nyaste teknologien sidan han var den første lamelldammen som nokon gong vart bygd. Når reservoaret er fullt held det 84 milliardar liter vatn. Reservoaret er i dag eigt av United Utilities plc.

Før dalen vart lagt under vatn i 1935 vart alle gardane og husa i landsbyane Mardale Green og Measand øydelagde, samt den fleire hundre år gamle Dun Bull Inn i Mardale Green. Landsbykyrkja vart teken ned og steinane nytta i bygginga av demninga. Alle kroppane på kyrkjegarden vart gravne opp og gravlagde på nytt i Shap. Når vassnivået er lågt kan ein framleis sjå restane etter landsbyen Mardale Green, mellom anna steinmurar og landsbybrua.

Haweswater-dalen er den einaste staden i England der kongeørn hekkar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, arkivert frå originalen 28. juni 2009, henta 30. mars 2010 
  2. «Haweswater». RSPB. Henta 30. mars 2010.