Hawke Bay

Koordinatar: 39°20′S 177°30′E / 39.333°S 177.500°E / -39.333; 177.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikelen er om havområdet; artikkelen Hawke's Bay omtalar den omkringliggjande regionen.
NASA-satellittfoto av Hawke Bay
Hawke Bay

Hawke Bay er ei stor havbukt på austkysten til NordøyaNew Zealand. Ho strekker seg frå Mahiahalvøya i nordaust til Cape Kidnappers i sørvest, ein distanse på om lag 100 km.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kaptein James Cook segla med HM «Bark Endeavour» inn i bukta 12. oktober 1769. Etter å ha utforska området, namngav han henne etter viseadmiral sir Edward Hawke den 15. oktober.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Dette området på kysten til New Zealand er utsett for tektoniske platerørsler, og landet vert heva frå havnivået. På grunn av dette har kystområda her betydelege marine avsetjingar, og fossilar av både marine og landlevande dinosaurar er funne inne på land. Jordskjelvet i Napier 3. februar 1931 førte med seg at delar av havbotnen fleire stader nær byen heva seg over havflata.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Fordi dei sentrale fjellrekkjene nærmar seg kysten ved nordenden av bukta, er mykje av den nordlegaste kystlinja eroderte terrasser som endar i bratte klipper med smale strender ned mot sjøen.

Byen Wairoa ligg i nordenden av bukta, på elvesletta ved munningen til Wairoaelva, medan hamnebyen Napier ligg ved kysten nær sørenden til bukta, på ei anna elveslette. Regionen Hawke's Bay, som skil seg frå sjølve bukta, består av kystlandskapet kring bukta og innlandet mot sør.

Sjølve bukta har namnet Hawke Bay, medan regionen som ligg kring henne ber det tidlegare namnet Hawke's Bay.

39°20′S 177°30′E / 39.333°S 177.500°E / -39.333; 177.500

Kjelder[endre | endre wikiteksten]