Hawks & Doves
| Hawks & Doves Studioalbum av Neil Young |
||
| Utgjeve | 3. november 1980 | |
| Innspelt | 1974–1977, 1980 i Quadrafonic, Nashville; Village Recorders, LA; Indigo Recording Studio, Malibu; Triad Recording Studio, Ft. Lauderdale, FL og Gold Star Recording Studio, Hollywood, CA | |
| Sjanger | Countryrock, folkrock, rock | |
| Lengd | 29:47 | |
| Selskap | Reprise/Warner Bros. | |
| Produsent | Neil Young, Tim Mulligan, Elliot Mazer | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Neil Young-kronologi | ||
| Live Rust (1979) |
Hawks & Doves | Re-ac-tor (1981) |
Hawks & Doves er eit album av Neil Young frå 1980. Dei to sidene vart spelt inn på forskjellig tidspunkt. Den eine var innspelingar gjort frå om lag 1974 til 1977, og den andre var frå innspelingar tidleg i 1980. Albumet nådde 30. plass på den amerikanske albumlista. Det er òg eit av dei kortaste albuma til Young, like under ein halvtime.
Albumet kom ikkje ut på CD før det vart gjeven ut som HDCD i 2003.
Innhaldsliste |
Informasjon [endre]
Side ein, «doves»-sida, var songar som opphavleg var meint for Homegrown i 1975. «The Old Homestead» er ein song som stiller spørsmål ved dei som sette spørsmålteikn ved kvifor Young stadig nytta bandet Crazy Horse når han lett kunne få tak i flinkare musikarar. Sidan David Crosby fleire gonger har stilt dette spørsmålet kan songen vere eit direkte svar til han. Songen er òg noko lik Crosby sin song «Cowboy Movie» frå hans If I Could Only Remember My Name frå 1971.
Side to, «hawks»-sida, består av innspelingar gjort for dette albumet. Songane var dei mest country-aktige Young hadde skrive til då. Denne sida bestod av utrøytteleg patriotisme og såg ut til å hylle høgrevridd politiske verdiar, noko som forvirra kritikarar og tilhengjarar, sidan Young hadde gått imot desse verdiane og skrive ein av dei beste protestsongane frå 70-åra, «Ohio».
Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Little Wing» | 2:10 | |||||||
| 2. | «The Old Homestead» | 7:38 | |||||||
| 3. | «Lost in Space» | 4:13 | |||||||
| 4. | «Captain Kennedy» | 2:50 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 5. | «Stayin' Power» | 2:17 | |||||||
| 6. | «Coastline» | 2:24 | |||||||
| 7. | «Union Man» | 2:08 | |||||||
| 8. | «Comin' Apart at Every Nail» | 2:33 | |||||||
| 9. | «Hawks & Doves» | 3:27 | |||||||
Medverkande [endre]
- Neil Young – gitar, munnspel, piano, vokal
- Greg Thomas – trommer
- Dennis Belfield – bass
- Ben Keith – steel og dobro, harmonivokal
- Rufus Thibodeaux – fele
- Ann Hillary O'Brien – harmonivokal
- Levon Helm – trommer på «The Old Homestead»
- Tim Drummond – bass på «The Old Homestead»
- Tom Scribner – sagspelar på «The Old Homestead»