Hayden White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hayden White

Fødd12. juli 1928
Martin
Død5. mars 2018
Santa Cruz
NasjonalitetUSA
Områdehistorie, litteraturkritikk
Yrkefilosof, historikar, skribent, universitetslærar
InstitusjonarStanford University
University of California, Santa Cruz
Wayne State University
University of Rochester
University of California, Los Angeles
Wesleyan University
Alma materUniversity of Michigan
Wayne State University
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Hayden V. White (12. juli 19285. mars 2018) var ein historiefilosof frå USA som var professor ved University of California i Santa Cruz. White er særleg kjend for si inndeling av historieskriving i fire ulike typar, basert på litterære kriterium.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

White vart utdanna ved Wayne State University fram til 1951, og ved University of Michigan til 1956. Han avviste den rådande historiefilosofien i USA, med si vektlegging av kausalitet. I staden skulle ein gå tilbake til studiet av det historiske dokumentet, som han meinte hadde vorte forvist til fordel for studiar av andre historiefilosofiar. Han hevda historikarane hadde vorte språkskeptikarar, tvilande til sin eigen ordbruk.

I verket Metahistory frå 1973 førte White bruken av tropar i lingvistisk forstand vidare; til ein generell diskursiv stil som han fann låg under ein kvar historikars arbeid. Historiografien i kvar ein epoke var underlagd ein særleg trope. Metaforen er kanskje den mest anvendelege tropen.

White gjekk i 1975 til sak mot politisjefen i Los Angeles, som han skulda for ulovleg bruk av offentlege midlar nytta til å overvake aktiviteten ved universitetet. White fekk medhald, noko som sette grensene for kva som er lovleg politisk overvaking i staten California.

Whites historietypologi i følgje Francis Sejersted[endre | endre wikiteksten]

I artikkelen Historiefagets fortellinger i Nytt Norsk Tidsskrift 4/1995 nytta den norske historikaren Francis Sejersted dei litterære klassifikasjonsskjema til Hayden White på norske historikarar. I følgje denne kategoriseringa finst det fire former; romansen, komedien, satiren og tragedien.

  • Romansen inneber at historia har eit mål, og at dette målet er godt; «utviklingslinjene ender i et fremtidig idealsamfunn, enhetlig, lykkelig, frigjørende for det verdifulle i menneskelivet». Drivkrafta i historia er relatert til ein metafysisk teleologi. Peter Andreas Munch og Ernst Sars er representantar for dette historiesynet.
  • Komedien inneber at historieforteljinga endar når sirkelen er slutta. Og slutten er god. Historia har mellombels vorte broten av ei misforståing som så vert oppklara. Også her er drivkrafta i historia relatert til ein metafysisk teleologi. Sverre Steen er ein representant for dette historiesynet.
  • Satiren inneber at den historiske utviklinga vil ende med ein tilstand som ikkje er god då politikarane gjer eit «evig forræderi» og dette sviket er ein nødvendig konsekvens av krefter i historia. Drivkreftene er sosiale faktorar. Med visse atterhald foreslår Sejersted at Jens Arup Seip er ein representant for dette historiesynet.
  • Tragedien inneber at historia kan utvikle seg i ulike retningar, men mellom aktørane kan det vere «svikarar». Forrådinga er vilkårsbunden. Sejersted hevdar at Edvard Bull d.y. representerer dette synet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]