Hayle
|
Hayle |
||
|---|---|---|
| kornisk | Heyl | |
| Hayle Viaduct frå ein ås ved munningen til estuaret | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Cornwall | |
| Distrikt | Cornwall | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2001) |
8 317 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | TR27 | |
| Telefon-retningsnummer | 01726 | |
Hayle (kornisk Heyl) er ein liten by i Cornwall i England. Han ligg ved han sørlege enden av St. Ives-bukta, ved estuaret til elva Hayle. Det korniske namnet tyder «fjord».
Han var tidlegare ein viktig fiskarby og utskipningshamn for tinn og andre varer. Fleire koparsmeltarar virka i byen, og den austlege delen har namnet Copperhouse etter denne verksemda. Det var òg eit jernstøyperi, som no står i ruinar.
På 1800-talet hadde det blitt meir lønsamt å eksportere råtinn framfor å smelte det i Hayle, og dermed starta ei nedgangstid for byen. I 1970-åra slutta ein å bruke hamna til større skip, då kostnadane for oppmudring var for høge.
Viktigaste næringsveg er no turisme. Rundt bukta ligg sandstrender over ei strekning på omkring 5 km. Godrevy fyr er eit viktig landemerke, som skal ha inspirert Virginia Woolf sin To the Lighthouse.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hayle (Cornwall)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.