Hayley Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hayley Williams
Hayley Williams Live 2013.jpg
Fødd 27. desember 1988 (25 år)
Franklin, Tennessee
Instrument Vokal, keyboard, gitar
Stemmetype Sopran
Sjanger Pop punk, alternativ rock
Yrke Songar, låtskrivar
Plateselskap Fueled by Ramen
Nettside Biografi på Paramore.net

Hayley Nichole Williams (fødd 27. desember 1988 i Meridian i Mississippi[1]) er ein amerikansk vokalist og låtskrivar.[2] Ho er vokalist i rockebandet Paramore.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 2002, då ho var 14 år, flytta Williams frå heimbyen sin Meridian i Mississippi, til Franklin i Tennessee, der ho møtte bandmedlemmane Josh og Zac Farro på skulen.[3][4] Ho byrja å ta songtimar hjå Brett Manning. Medan ho framleis gjekk på skulen prøvde ho seg som vokalist i eit lokalt coverband som heitte The Factory, og der møtte ho Jeremy Davis. Etter at The Factory vart oppløyst byrja Hayley og Jeremy å skrive songar saman med Farro-brørne og danna Paramore. I 2005 signerte dei kontrakt med plateselskapet Fueled by Ramen.

Williams har sunge gjestevokal på songane «Then Came to Kill» av The Chariot, «Keep Dreaming Upside Down» av October Fall, «Tangled Up» av New Found Glory, «The Church Channel» av Say Anything og «The Few That Remain» av Set Your Goals og har dukka opp i musikkvideoen for «Kiss Me» av New Found Glory.[5] I 2007 kom ho på andreplass i kategorien «Sexiest Female» av Kerrang! Reader's Poll. Førsteplassen vart gitt til Amy Lee i Evanescence.[6] Eitt år seinare, i 2008, vann ho førsteplassen for «Sexiest Female» i den same avstemminga.[7] Ho er også å sjå i Guitar Hero World Tour, der dei lagde ein figur som såg ut som ho.

Paramore[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Paramore.
Williams i 2011.

Paramore vart danna i Franklin i Tennessee i 2004, med Hayley Williams som hovedvokalist og keyboardist, Josh Farro på gitar, Jeremy Davis på bassgitar og Zac Farro på trommer.[8] Dei andre medlemma av det som snart kom til å verte Paramore var skeptiske til å ha Williams som kvinneleg vokalist, men sidan dei var veldig gode vener byrja ho å skrive songar til dei, og til slutt vart ho medlem.[9] Bandet har gitt ut tre album; All We Know Is Falling, Riot! og Brand New Eyes. Dei har også gitt ut to live-album.

Williams i 2010.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Hayley Willams var god ven med familien Cyrus då ho voks opp. Dei er framleis gode vener. I eit intervju med MTV, forsvarte ho Cyrus si dotter, Miley.[10] Ho er saman med gitaristen Chad Gilbert frå bandet New Found Glory.[11]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]