He Don't Love You (Like I Love You)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
He Don't Love You (Like I Love You)
Singel av Tony Orlando and Dawn
Språk engelsk
Utgjeve 1975
Sjanger rhythm and blues
Lengd 3:40
Selskap Vee-Jay Records
Komponist Jerry Butler, Calvin Carter, Curtis Mayfield
Tekstforfattar Curtis Mayfield, Calvin Carter, Jerry Butler

«He Don't Love You (Like I Love You)» er ein song av Tony Orlando and Dawn som i 1975 gjekk til topps på Billboard Hot 100 i USA, der han låg i tre veker.[1] Songen nådde òg toppen av adult contemporary-lista i ei veke i 1975.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Den originale tittelen på songen var «He Will Break Your Heart». Han vart skriven av Jerry Butler, Calvin Carter og Curtis Mayfield. Songen vart spelt inn av Butler og gjeven ut som singel i 1960, då han nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100-lista. I tillegg låg innspelinga til Butler sju veker på toppen av R&B-lista.[3] Andre tidlege versjonar av songen vart spelt inn av artistar som The Righteous Brothers og Freddie Scott.

Tony Orlando and Dawn-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Då Orlando og andre medlemmar av Dawn (Telma Hopkins og Joyce Vincent Wilson) venta i lobbyen før dei skulle inn på eit Golden Globes-show, snakka Orlando med Faye Dunaway og den dåverande ektemannen hennar, Peter Wolf, som var frontmann i The J. Geils Band. For å få tida til å gå byrja dei to å synge R&B-songar frå 1960-åra songs og mellom anna Butler sin «He Will Break Your Heart». Dei fann då ut at det var ein god ide for gruppa å spele inn songen for det komande albumet sitt. Orlando kontakta Mayfield med løyve om å gjere ei nyinnspeling der han endra tittelen på songen til opningslinjene i songen, og Mayfield godtok dette.[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Dolly Parton spelte songen i 1984, med same tittelen som Orlando and Dawn, men ho endra kjønnet i tittelen til «She Don't Love You». Ho gav ut songen på albumet The Great Pretender.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bronson, Fred (1992). The Billboard Book of Number One Hits - revised & enlarged. New York: Billboard Books. s. 403. ISBN 0-8230-8298-9. 
  2. 2,0 2,1 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), ISBN 0-8230-7693-8
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 802.