Health Points

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

HP (Helsepoeng, frå engelsk: Health Points) vert ofte nytta i elektronisk spelsamanheng og er blant dei vanlegaste forkortelsane.

Generelt[endre | endre wikiteksten]

HP vert mykje nytta i mest alle spelkategoriar, blant dei RPG (rollespel), actionspel, eventyrspel, plattformspel og simulatorspel. HP er mindre nytta i barnespel, puzzlers, lek og ler-spel og kort og brettspel.

HP har ofte ein standard verdi på 10 eller 100. I løpet av spelet gjeld det å ikkje mista desse poenga, fordi dette kan føra til at karakteren døyr. Det er og vanleg at karakteren kan fylla opp nye liv etterkvart som han går igjennom spelet.