Heanor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Heanor

Rådhuset
Rådhuset
Plassering
Heanor is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Derbyshire
Distrikt Amber Valley
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

22 620
Koordinatar 53°1′″N 1°21′″WKoordinatar: 53°1′″N 1°21′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DE75
Telefon-retningsnummer 01773
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heanor

Heanor er ein by i Derbyshire i England, omkring 13 kilometer nordaust for Derby. Elva Erewash renn rett ved byen.

Byen har vakse saman med Langley Mill, og Langley Mill stasjon betener begge. Det var tidlegare ein liten stasjon på Great Northern Railway i Heanor, men denne er nedlagt.

Kullgruvedrift og tekstilproduksjon var tidlegare dei viktigaste næringsvegane i Heanor. På området til ei nedlagd kolgruve er det opna ein stor fornøyelsespark, The American Adventure. Byen er òg kjent for Matthew Walker-fabrikken, som produserer julepuddingar. Han vart selt til Northern Foods i 1992.

Heanor Town FC, «The Lions», vart grunnlagd i 1883, og spelar i Abacus Lighting Central Midlands League Supreme Division.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]