Hearst Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°25′S 62°10′W
Hearst Island
øy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Antarktis
 - koordinatar 69°25′S 62°10′W
Høgaste punkt
 - høgd 365 moh
Lengd 58 km
Breidde 11 km
Administrert under Antarktistraktaten
Hearst Island is located in Antarktis
Hearst Island (Antarktis)

Hearst Island er ei isdekt, kuppelforma øy som ligg 6 km aust for Cape Rymill i Weddellhavet, utanfor austkysten Palmer Land. Øya er 58 km lang frå nord til sør, 11 km brei og har ei høgd på 365 moh.

Ho vart oppdaga under ein flytur den 20. desember 1928 av sir Hubert Wilkins. Han trudde det var ein del av fastlandet i Antarktis, og namngav dette Hearst Land, etter William Randolph Hearst som medverka i den økonomiske støtta av ekspedisjonen. Ho vart sett på ny og klartlagd som øy i 1940 av medlemmar av USAS som utforska denne kysten til lands og frå lufta. Dei namngav ho Wilkins Island. Utforskinga av flyfoto synte at denne øya er det Wilkins rekna som Hearst Land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]