Heart of Stone av The Rolling Stones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heart of Stone
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Out of Our Heads (UK)/The Rolling Stones, Now! (USA)
B-side

«What a Shame»

Språk engelsk
Utgjeve 19. desember 1964 (USA)
Innspelt 2. november 1964
Sjanger Bluesrock, rhythm and blues
Lengd 2:50
Selskap London 45LON9725 (USA og Canada)
Komponist Keith Richards, Mick Jagger
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi 
«Little Red Rooster»
(1964)
Heart of Stone «The Last Time»
(1965)


«Heart Of Stone» er ein song av the Rolling Stones frå 1964. Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og var ein av dei første songane dei skreiv som vart gjeven ut som singel.

Songen omhandlar ein person som omtalar livet sitt som ein skjørtejeger og korleis særleg ei jente aldri vil såre han:

« There’ve been so many girls that I’ve known; I’ve made so many cry and still I wonder why; Here comes the little girl; I see her walking down the street; She’s all by herself, I try and knock her off her feet; But she’ll never break, never break, never break, never break, This heart of stone »

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn 2. november 1964 i RCA Studios i Los Angeles med Jagger på vokal, Richards og Brian Jones på gitars, Bill Wyman på bass og Charlie Watts på drums. Jack Nitzsche spelte tamburin og piano.

«Heart of Stone» vart gjeven ut som singel i desember 1964 og vart den andre singelen til gruppa som nådde Topp 20 i USA, med 19. plass som høgste plassering. I februar 1965 vart songen gjeven ut på det amerikanske albumet The Rolling Stones, Now!, men ikkje i Storbritannia før Out of Our Heads i september 1965.

Ei lengre utgåve kom i 1975 på albumet Metamorphosis, som vart spelt inn inn 21.–23. juli 1964 med Jimmy Page på gitar og Clem Cattini på trommer, truleg som ein demo.

Av artistar som har spelt songen finn ein The Mekons og The Allman Brothers Band.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[1] 15
Nederland (Mega Single Top 100)[2] 8
US Billboard Hot 100[3] 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]