Heathcote River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heathcote River
Ōpawaho (Māorispråk)
Heathcote River og Avon River i Christchurch.
Heathcote River og Avon River i Christchurch.
Munning Pegasus Bay via Avon Heathcote-estuaret
- Høgd 0 m
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand
Renn gjennom Christchurch


Elva Heathcote River (Māorispråk: Ōpawaho[1]) ligg innanfor bygrensene til ChristchurchNew Zealand, og får tilførsle frå kjelder nær Templetons Road, og i tillegg nedbørsvatn så langt vest frå som Pound Road. Ho snor seg kring foten av Port Hills frå vest til søraust[2].

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Tilsigsområdet til Heathcote River strekkjer seg til forstaden Yaldhurst. Elva renn gjennom Wigram, Hillmorton (der hovudkjeldene er lokaliserte), Hoon Hay, Spreydon, Cracroft, Cashmere, Beckenham, St Martins, Opawa, Woolston og Ferrymead.

Elva renn ut i Avon Heathcote-estuaret før ho tømmer seg i Pegasus Bay.

Før-europeisk busetjing og namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege namnet til denne elva var Ō-pa-waho, som tyder «staden til den framskotne pāen», eller «utposten», og viser til denne pāen som ein utpost (Māori: waho) til Kaiapoi. Pāen var bygd i høgreliggjande lende, like nedstraums for den noverande brua, Opawa Road Bridge. Han var ein kvilestad for Ngāi Tahufolk som reiste mellom Kaiapoi og Horomaka (Banks Peninsula). Området omkring var ein viktig stad for matsanking (mahinga kai), ei kjelde for mengder av føde, særleg tuere (slimål) (Eptatretus cirrhatus) og kanakana (lamprey) (niauga).

Historisk slynga elva seg gjennom utbreidde våtmarker, før urbaniseringa tok til. Historiske oppmålingskart frå midten av det 19. hundreåret, dei såkalla «Black Maps», viser at landet som elva rann gjennom var rikt på plantar som New Zealand flax (harakeke), toetoe (Cortaderia fulvida), raupo (Typha orientalis), tutu (Coriaria)og bregnar og var oversådd med ti kouka (dragelilje).

Elvefaret var lågtliggjande og svært vått. Når Waimakariri River steig og fløymde over slettene, vart endå høgareliggjande land utsett for flaum. Gjennom mange hundreår der elva vart brukt både som kjelde for mat og transportveg, fekk iwiane Waitaha, Kāti Mamoe og Ngāi Tahu eit nært tilhøve til denne ressursen. Sumpskogen langs elva var tilhaldsstad for sjø- og skogsfugl. Feller vart regelmessig sett ut etter inanga (fiskeyngel), pātiki (flyndre), og ferskvassål (Anguilla dieffenbachii)[3].

Heathcote River har fått namn etter Sir William Heathcote, sekretær i Canterbury Association.

Heathcote River i Beckenham.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Christchurch City Council (2009) Mid-Heathcote River / Opawaho Linear Park Masterplan – Christchurch, New Zealand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ōpāwaho (Heathcote River), Christchurch City Libraries, New Zealand.
  2. [1] Mid-Heathcote River Masterplan,part 1, side 4.
  3. [2] Mid-Heathcote River Masterplan,part 2, side 4-5, 7.

Koordinatar: 43°33′28″ S 172°42′31″ E