Heathen
| Heathen Studioalbum av David Bowie |
||
| Utgjeve | 11. juni 2002 | |
| Innspelt | Allaire Studios i Shokan, New York The Looking Glass Studios i New York City |
|
| Sjanger | Kunstrock[1] Rock |
|
| Lengd | 52:08 | |
| Selskap | ISO/Columbia | |
| Produsent | Tony Visconti, David Bowie; Visconti, Brian Rawling, Gary Miller («Everyone Says 'Hi'»); Bowie og Mark Plati («Afraid») | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| David Bowie-kronologi | ||
| 'hours...' (1999) |
Heathen | Reality (2003) |
Heathen er eit album av den britiske artisten David Bowie frå 2002. Det vart rekna som eit slags comeback for Bowie på den amerikanske marknaden og albumet nådde der 14. plass, den høgaste plasseringa hans sidan Tonight (1984). Han fekk òg nokre av dei sterkaste meldingane sidan Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980. Verda over selde det over to millionar eksemplar og låg fire månader på lista i Storbritannia. Generelt sett omhandlar albumet inntrykka til Bowie etter 11. september-åtaka i 2001.[9][10]
Innhaldsliste |
Innspeling og produksjon [endre]
Heathen var første gong plateprodusent Tony Visconti arbeidde med Bowie sidan Scary Monsters i 1980.
Opphavleg hadde Bowie spelt inn albumet Toy for utgjeving i 2000 eller 2001. Dette albumet skulle inneheld nye songar og nyinnspelingar av hans mindre kjende songar frå 1960-åra. Sjølv om Toy aldri kom ut, er nokre av songane, som «Afraid» og «Slip Away» (då med tittelen «Uncle Floyd»), på Heathen. Somme av dei nyinnspelte songane vart gjevne ut som B-sider til singlane frå Heathen.
Av gjesteartistar på albumet finn ein Who-gitarist Pete Townshend (som hadde spelt gitar på ein tidlegare Bowie-song «Because You're Young» frå Scary Monsters (and Super Creeps)), Foo Fighters-frontmann Dave Grohl, Dream Theater-keyboardist Jordan Rudess, pianist Kristeen Young og bassisten Tony Levin frå King Crimson.
Albumet inneheld coverversjonar av tre songar: «Cactus» av Pixies, «I've Been Waiting for You» av Neil Young og «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» av Norman Odam eller Legendary Stardust Cowboy, som Bowie henta namnet «Ziggy Stardust» frå i 1972.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Sunday» | 4:45 | |
| 2. | «Cactus» | Black Francis | 2:54 |
| 3. | «Slip Away» | 6:05 | |
| 4. | «Slow Burn» | 4:41 | |
| 5. | «Afraid» | 3:28 | |
| 6. | «I've Been Waiting for You» | Neil Young | 3:00 |
| 7. | «I Would Be Your Slave» | 5:14 | |
| 8. | «I Took a Trip on a Gemini Spaceship» | Norman Carl Odam | 4:04 |
| 9. | «5:15 The Angels Have Gone» | 5:00 | |
| 10. | «Everyone Says 'Hi'» | 3:59 | |
| 11. | «A Better Future» | 4:11 | |
| 12. | «Heathen (The Rays)» | 4:16 |
På den japanske utgåva vart songen «Wood Jackson» gjeven ut som eit ekstra spor.
Bonusdisk [endre]
- "Sunday" (Moby Remix) – 5:09
- "A Better Future" (Remix av Air) – 4:56
- "Conversation Piece" (skriven i 1969 - innspelt 1970 - nyinnspelt 2002) – 3:51
- "Panic in Detroit" (studioopptak frå 1979) – 2:57
Medverkande [endre]
- David Bowie – vokal, tangentinstrument, gitarar, saksofon, stylophone, korvokal, trommer
- Tony Visconti – bass, gitarar, blokkfløyter, strykearrangement, korvokal
- Matt Chamberlain – trommer, trommeprogrammering, perkusjon
- David Torn – gitarar, gitarloopar, Omnichord
- The Scorchio Quartet:
-
- Greg Kitzis – 1. fiolin
- Meg Okura – 2. fiolin
- Martha Mooke – bratsj
- Mary Wooten – cello
Andre medverkande [endre]
- Carlos Alomar – gitar
- Sterling Campbell – trommer og perkusjon
- Lisa Germano – fiolin
- Gerry Leonard – gitar
- Tony Levin – bass
- Mark Plati – gitar, Bass
- Jordan Rudess – tangentinstrument
- The Borneo Horns:
-
- Lenny Pickett
- Stan Harrison
- Steve Elson
- Kristeen Young – vokal, piano
- Pete Townshend – gitar på «Slow Burn»
- Dave Grohl – gitar på «I've Been Waiting for You»
Lister [endre]
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 2002 | Danmark | 1 |
| 2002 | Frankrike | 3 |
| 2002 | Tyskland | 3 |
| 2002 | Noreg | 2 |
| 2002 | Storbritannia | 5 |
| 2002 | Billboard 200 | 14 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Heathen (David Bowie album)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.discogs.com/David-Bowie-Heathen/master/49879
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r590091
- ↑ «Heathen – Blender». Blender. http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53980/heathen.html. Henta 29. sep. 2011.
- ↑ http://www.musicbox-online.com/db-heath.html
- ↑ http://www.nme.com/reviews/david-bowie/6451
- ↑ http://www.pitchforkmedia.com/article/record_review/15614-heathen
- ↑ http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie
- ↑ http://www.rollingstone.com/artists/davidbowie/albums/album/116605/review/6067954/heathen
- ↑ Simon Groth, Off the Record: 25 Years of Music Street Press, p.310. Univ. of Queensland Press, 2010. ISBN 0702238635
- ↑ James E. Perone, The words and music of David Bowie, p.137. Greenwood Publishing Group, 2007. ISBN 0275992454