Heaven's in Here

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heaven's in Here
Singel av Tin Machine
frå albumet Tin Machine
Utgjeve 1989
Innspelt Montreux; Nassau,
August 1988 - early 1989
Sjanger Rock
Lengd 6:01
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
Tin Machine-kronologi 
Heaven's in Here «Under the God»
(1989)


«Heaven's in Here» er det første sporet på det sjølvoppkalla debutalbumet av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Songen er skriven av David Bowie og vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i 1989.

Han vart framført på Tin Machine-turneen i 1989 og It's My Life-turneen i 1991-1992, og eit konsertopptak av songen kom ut på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992).

Bakgrunn og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Heaven's in Here» var den første songen bandet skreiv og spelte inn i lag, og han kom til i løpet av omtrent ein dag,[1] sjølv om miksing og overdubbing fortsette i månadane etterpå.[2] Det var òg både den første og siste songen Tin Machine spelte i lag på scenen.[2]

Det vart laga ein musikkvideo for songen av Julien Temple. Songen vart forkorta ned til fire minutt og var meint for ein singel, men han kom berre ut på ein promosingel.[3]

Opningsriffet på songen vart stundom framført som intro til konsertversjonar av «The Jean Genie» under Earthling-turneen til Bowie i 1997, der Gabrels var gitarist.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Heaven's in Here» (redigert versjon) – 4:17
  2. «Heaven's in Here» (albumversjon) – 6:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tin Machine

Produsentar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering
US Billboard Alternative Songs[4] 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. di Perna, Alan (1991), «Ballad of the Tin Men», Creem 2 (1): 50–59 
  2. 2,0 2,1 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  3. 3,0 3,1 Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books. 
  4. https://www.billboard.com/music/tin-machine/chart-history/alternative-songs