Hedalen stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°37′21″N 9°41′27″E

Hedalen stavkyrkje
Hedalen stavkirke 03.07.07 003.jpg
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Hamar
Prosti:  Valdres
Fellesråd:  Sør-Aurdal
Sokn:  Hedalen
Innvigd:  1160-åra[1]
Endringar:  Stor ombygging i 1699[2]
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Krosskyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Altartavle:  seint 1700, delar frå middelalder
Commons-logo.svg
Hedalen stavkyrkje på Commons

Hedalen stavkyrkje står i Hedalen i Sør-Aurdal kommune i Oppland fylke, og er ei stavkyrkje frå 1160-åra.[2] Kyrkja er no ei krosskyrkje, men var frå starten langkyrkje. Dei lafta krossarmane vart påbygde i 1699, og skipet i mellomalderkyrkja utgjer sidan den vestre krossarmen.[2] På slutten av 1700-talt fekk kyrkja ny altartavla, sett saman av eit krusifiks og eit skåp frå mellomalderen. Altartavla er overmåla og skjuler opphavet. Krusifikset er frå omkring 1250. Madonnaskåpet blir tradisjonelt datert til siste halvdel av 1200-talet.[3]

Vestportalen
Teikning: Georg Andreas Bull
Hedalen stavkyrkje is located in Oppland
Plasseringa til Hedalen stavkyrkje på kart over Oppland

Kyrkja er soknekyrkje i Hedalen kyrkjesokn i Valdres prosti.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Riksantikvaren: Stavkirkeprogrammet 2001 -2015 - Hva har skjedd så langt. Riksantikvaren 2008: «Hedalen stavkirke» s. 31
  2. 2,0 2,1 2,2 Norges Kirker: «Reinli gamle kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning
  3. Stein, Mille og Elisabeth Andersen (2008): Krusifikset og madonnaskapet i Hedalen stavkirke. Undersøkelse 2006-2008. NIKU Rapport 25. Norsk institutt for kulturminneforskning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]