Hede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kysthede ved Øer i Djursland i Danmark.

Hede er namnet på ein type landskap (biotop) som finst i Danmark og Schleswig-Holstein i Nord-Tyskland. Heden liknar på det norske lyngheilandskapet, men utan fjellgrunn som basis.

Hedane oppstod i følgje danskane som eit resultat av at innbyggjarane i tidlegare tider fjerna skog og rydda for stein for å ha opne beitemarker. Jordsmonnet var så tynt at det vart utpint på relativt få år, og måtte leggast brakk for å ta seg opp igjen. Dette var ikkje vellykka, og landskapet er i dag mest eigna som sauebeite og turterreng. Store hedeområde er i dag lagt ut som naturpark. Skogvekst har i nyare tid tatt tilbake noko av hedane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]