Hedmarken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hedemarken)

Hedmarken (òg skrive Hedemarken og Heidmarki[1]) er eit område i Hedmark fylke som ligg på austsida av innsjøen Mjøsa og femner kommunane: Stange, Hamar, Løten og Ringsaker. Området gav namn åt Hedemarkens amt, seinare Hedmark fylke.

Området har 86 993 innbyggjarar (1. juli 2009) og strekkjer seg over 2 726 kvadratkilometer. Regionsenteret er byen Hamar. Kyrkjeleg er Hedmarken inndelt i Hamar domprosti og Ringsaker prosti, rettsleg svarar det til Hedmarken domssokn under Eidsivating lagdøme. Dei fire kommunane samarbeider i regionrådet for Hamarregionen.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Lokal nedervd uttala er [²heːmarça], i bygdene utan monoftongering [²heimarça], oftast omtala i dativuttrykket på Heidmarken [po ²heːmarç.n]. Klagenemnda for stadnamnsaker vedtok i 2003 å fylgje nedervd lokal uttala, og Hedmarken (uten e) er no den offisielle skrivemåten av denne namneforma.

Namnet kjem frå gamalnorsk Heiðmǫrk, der førelekken viser til folkenamnet heidner, og det att kjem vel av vårt heid ‘skog, øydemark’. Andrelekken er vårt mark i tydinga ‘skog, grenseland’. Dei to namnelekkene går dimed til sist attende på same landskapstypen.

Ein person frå Hedmarken vert kalla hedmarking, det same namnet har dialekta.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i romersk jarnalder nemner Klaudios Ptolemaios vest i Scandia folket Khaideinoi, som svarar til urnordisk *haiþinīz, gamalnorsk heiðnir. Dette er fyrste folkenamnet me høyrer gjeti frå Noreg. Av det kan me slutte at det seinare kongeriket Heiðmǫrk har gamle røter.

I mellomalderen var Hedmarken skift i to sysler, «nørdre luten» og «syndre luten». Tverrdalene på vestsida av Mjøsa (noverande Gjøvik kommune) høyrde òg til Hedmarken. I dansketida vart området skipa i Hedemarkens fogderi (futedøme).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorri Sturluson (1880). Heimskringla, elder Norigs Kongesogur fraa den eldste Tii til Aare 1177. Ringvolds Bogtrykkeri.