Hedmark fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hedmark fylke
Våpen Kart
Adm.senter Hamar
Areal 27 388 km²
Folketal 192 064 (1. juli 2011)
Nettstad www.hedmark.org
Politikk
Fylkesordførar Arnfinn Nergård, Sp (2007)
Fylkesmann Sigbjørn Johnsen
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Hedmark fylke.svg
Hedmark fylke på Commons

Hedmark er eit norsk fylke som grensar mot Sør-Trøndelag i nord, Oppland i vest og Akershus i sør. I aust grensar Hedmark til svenske Dalarnas län og Värmlands län.

Hedmark fylke vart under namnet Hedemarkens amt skilt ut frå Oplandenes amt i 1781. Fylket kan delast opp i distrikta Heidmarka og Solør i tillegg til Østerdalen, Odalen, Vinger og Eidskog.

Fylket har to byar: Hamar og Kongsvinger. I tillegg kallar Elverum seg by etter det generelle høvet tettstadar med minst 5000 innbyggjarar og bymessig folkesetnad kan nytta seg av.

Innhaldsliste

[endre] Geografi og topografi

Over heile fylket finn ein jordbruk, og i enda større grad skogbruk. Barskog dominerer nesten fullstendig. Den eurasiatiske taigaen byrjar i fylket mellom Hamar og Elverum, går vidare til Sysslebäck og Malung i Sverige og held fram til Austersjøen og gjennom Finland og Russland til Stillehavet. Taigaen er kjenneteikna av barskog som gran og furu på skogbotn av lyng og mose, med innslag av bjørk og rogn og av og til grasdekte enger.

Det høgaste fjellet i fylket er Rondeslottet på 2178 moh., grensa til Oppland fylke går over denne toppen, akkurat som same grense delar Noregs største innsjø Mjøsa mellom fylka.

Elles ligg det meste av fylket i det som blir kalla lågland, sjølv om den nordlege og nordvestlege delen har fjellområde som Rondane, og den nordaustlege slike som Sylene. Frå Sylene er det høgland store delar av strekninga derfrå og sørover langs svenskegrensa heilt til Finnskogen i Grue og Kongsvinger.

[endre] Klima

Klimaet i Hedmark er typisk kontinentalt og berre i sørvest dempar Mjøsa og Oslofjorden vinterkulda.

Det bles sjeldan kraftig og som regel følgjer vinden dalføra, frå nordvest om vinteren og frå søraust om sommaren. Om vinteren vil den svake vinden føre til at ein ofte har temperaturinversjonar, der temperaturen stig med høgda. Januar er kaldast med ein middeltemperatur frå −6 til −8 °C i sør, −10 til −13 °C i nordlege dalstrøk. Stundom kan temperaturen falle til under −40 °C i nord og Engerdal målte i januar 1987 −47 °C som kulderekord i fylket. I juli varierer middeltemperaturen frå kring 16 °C i sør til kring 13 °C i øvre dalføre. Det er òg kjøligare enn dette i høgda. Varmerekordane i fylket ligg på kring 30 °C. Dei indre dalstrøka kan få frostnetter sjølv på sommaren.

Fylket har ein årsnedbør på 600-800 mm, og mest nedbør kjem det om sommaren. Nedbøren aukar i høgda og er opp i 1000 mm sør på Hedmarksvidda, og kan vere så låg som kring 400 mm i skjerma dalstrøk.

Fylket kan få ein del tåke nær vatn sør i fylket. Dette er typisk strålingståke og er vanlegast om hausten og tidleg på vinteren. På Hedmarksvidda kan det bli ein del tåke i sørleg vind, som fører inn lågt skydekke.

[endre] Namnet

Hedmark fylke har namn etter landskapet Heidmarka på austsida av Mjøsa, gamalnorsk Heiðmǫrk, der fyrstelekken kjem av folkenamnet heidner.

[endre] Historie

Det er funne restar av steinalderbusettingar over nesten hele fylket. Helleristningar av elg er funne ved Mjøsa i Ringsaker.

Det eldste bronsealderfunnet i Noreg er gjort på Nes på Hedemarken. Jernalderfunn er gjort over heile fylket, spesielt mange frå vikingtida. Gravhaugar finst frå bronsealder fram til kristen tid. Solør skal ha vore eit mektig kongerike mellom 300 og 800 i følgje Ynglingesagaen .

I Hamar-området utvikla det seg ein byliknande struktur med kaupangÅker i Vang allereie på 500-talet.

I vikingtida vart dette senteret flytta til den odden i Mjøsa som seinare fekk ei domkyrkje (domkyrkjeodden) i samband med at staden vart bispesete i 1152. Her kan det rundt 1050 ha vore slått mynt.

Svartedauden ramma området hardt, og det var her som ellers i landet ei nedgangstid. Rett før reformasjonen forsvann Hamar som marknad, og ved reformasjonen i 1536 forsvann bispesetet.

Fylket vart råka av alle krigane Noreg og Danmark-Noreg var med i. Under den andre verdskrigen var det viktige kampar mellom tyskarar og nordmenn ved Midtskogen gard og Kongsvinger i april 1940. Tyske fly bomba Elverum i april 1940.

[endre] Kommunar

Kart over Hedmark fylke.
Nr. Namn Folketal Areal km² Distrikt
0402 Kongsvinger kommune Kongsvinger 000000000017547.000000000017 547 000000000000964.0000000000964,6 Glåmdal
0403 Hamar kommune Hamar 000000000029058.000000000029 058 000000000000338.0000000000338,5 Heidmarka
0412 Ringsaker kommune Ringsaker 000000000033203.000000000033 203 000000000001124.00000000001 124,7 Heidmarka
0415 Løten kommune Løten 000000000007481.00000000007 481 000000000000362.0000000000362,7 Heidmarka
0417 Stange kommune Stange 000000000019212.000000000019 212 000000000000641.0000000000641,5 Heidmarka
0418 Nord-Odal kommune Nord-Odal 000000000005140.00000000005 140 000000000000476.0000000000476,3 Glåmdal
0419 Sør-Odal kommune Sør-Odal 000000000007868.00000000007 868 000000000000487.0000000000487,0 Glåmdal
0420 Eidskog kommune Eidskog 000000000006278.00000000006 278 000000000000604.0000000000604,4 Glåmdal
0423 Grue kommune Grue 000000000005001.00000000005 001 000000000000786.0000000000786,7 Glåmdal
0425 Åsnes kommune Åsnes 000000000007604.00000000007 604 000000000001015.00000000001 015,2 Glåmdal
0426 Våler kommune Våler 000000000003871.00000000003 871 000000000000685.0000000000685,3 Glåmdal
0427 Elverum kommune Elverum 000000000020108.000000000020 108 000000000001221.00000000001 221,0 Sør-Østerdal
0428 Trysil kommune Trysil 000000000006755.00000000006 755 000000000002957.00000000002 957,1 Sør-Østerdal
0429 Åmot kommune Åmot 000000000004351.00000000004 351 000000000001305.00000000001 305,7 Sør-Østerdal
0430 Stor-Elvdal kommune Stor-Elvdal 000000000002662.00000000002 662 000000000002144.00000000002 144,4 Sør-Østerdal
0432 Rendalen kommune Rendalen 000000000001963.00000000001 963 000000000003072.00000000003 072,5 Nord-Østerdal
0434 Engerdal kommune Engerdal 000000000001385.00000000001 385 000000000001920.00000000001 920,5 Sør-Østerdal
0436 Tolga kommune Tolga 000000000001689.00000000001 689 000000000001100.00000000001 100,8 Nord-Østerdal
0437 Tynset kommune Tynset 000000000005554.00000000005 554 000000000001830.00000000001 830,7 Nord-Østerdal
0438 Alvdal kommune Alvdal 000000000002410.00000000002 410 000000000000926.0000000000926,5 Nord-Østerdal
0439 Folldal kommune Folldal 000000000001638.00000000001 638 000000000001265.00000000001 265,8 Nord-Østerdal
0441 Os kommune Os 000000000002045.00000000002 045 000000000001012.00000000001 012,7 Nord-Østerdal
Totalt Hedmark fylke Hedmark 000000000192064.0000000000192 064 000000000027388.000000000027 388 Hedmark

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk