Hefei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midtbyen i Hefei
Hefeis plassering i Anhui

Hefei (hanzi 合肥; pinyin Héféi) er eit kinesisk byprefektur som er provinshovudstad i Anhui i det sentrale, austlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 7 266 km2, folketalet vart i 2009 berekna til 4 914 300. Innanfor bygrensene budde i 2007 1 983 930 menneske.

Byprefekturet Hefei omfattar fire distrikt (区 ) og tre fylke (县 xiàn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Hefei er frå då Han-dynastiet organiserte området som fylke på 100-talet f.Kr. Frå 200-talet til 500-talet e.Kr. var det eit viktig grenseområde som dei nordkinesiske og sørkinesiske rika ofte kjempa om makt over. Under Tre rike-tida stod til saman fem slag om byen. I det største skal generalen Zhang Liao frå kongeriket Wei med 800 kavaleristar ha sigra over ein Wu-hær på 200 000 mann.

Under Sui-dynastiet (581–618) og Tang-dynastiet (618–907) var byen sete for prefekturet Lu, og var kjent under det namnet fram til 1400-talet. Under Ming- og Qingdynastia heitte byen Luzhou (庐州).

Byen var ei kort tid, 1853-62, provinshovudstad for Anhui. Han skifta namn til 'Hefei fylke' i 1912. Etter den andre sino-japanske krig vart Hefei i 1949 atter hovudstad for Anhui.

Tianjin-Pukou-jarnbana, med linje eit godt stykke aust for Hefei, stod ferdig i 1912. Hefei tapte då i høve byen Bengbu, som fekk mykje den rolla Hefei tidlegare hadde. Åra 1932–36 bygde eit kinesisk selskap ei jarnbane som knytte Hefei til Yuxikou og Wuhu. Jarnbana var primært bygd for å kunne utvikle dei rike kolressursane nord i Anhui. Næringslivet i Hefei drog nytte av jarnbana då det fekk avsetning for varene sine i i storbyar som Wuhu og Nanjing. Til dess var Hefei ein administrasjons- og regional marknadsby for det fruktbare landbruksområdet særleg sør for byen. Det vart handla med kveite, bønner, bomull og hamp, klede, lêrvarer, bambusprodukt og jarnvarer.

Frå eit folketal på rundt 30 000 midt i 1930-åra voks byen til meir enn det tidoble i løpet av dei neste tjue åra. Då Hefei vart provinshovudstad etter Anqing i 1949, vart den administrative rolla utvida. Veksten kom likevel særleg gjennom industriutvikling. Hefei fekk bomullsindustri, kolkraftverk, maskinindustri, aluminiumsverk, og kjemisk industri. Fleire universitet vart grunnlagt i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]