Heggedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heggedal
tettstad
Land  Noreg
Fylke Akershus fylke
Kommune Asker
Areal km²
Folketal 0  (2023)
Folketettleik Divisjon med null / km²
Postnummer 1389
Kart
Heggedal
59°47′12″N 10°26′05″E / 59.7867°N 10.4347°E / 59.7867; 10.4347
Wikimedia Commons: Heggedal

Heggedal er ein tettstad sør i Asker kommune i Akershus. Staden ligg ved eit større vatn, Gjellumvannet, og gjennom staden renn elva Skithegga.

Gjellumvannet ein vinterdag

Namnet har staden etter garden Heggedal, som òg har gjeve namn til jarnbanestasjonen HeggedalDrammensbanen, som hadde mykje å seie for at Heggedal utvikla seg til ein industristad på slutten av 1800-talet. Mellom anna vart det då skipa til meieri, kraftverk, den seinare så vidgjetne Sætre kjeksfabrikk på garden Sætre, ein fyrstikkfabrikk og seinare ein ullvarefabrikk. Verksemdene vart med tida flytta ut or bygda eller lagde ned, og bygningen til ullvarefabrikken er no mellom anna gjort om til lokale for kunstfagskule og verkstader for kunstnarar.

Etter at Drammensbanen vart lagd om mellom Asker stasjon og Drammen, er Heggedal stasjon vorte ein stasjon på Spikkestadbanen (Røykenbanen).

Spire Denne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.