Heggen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heggen kyrkje
kyrkje
Foto:Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Eiker
Sokn Modum
Fellesråd Modum
Teknikk Mur
Material Naturstein og teglstein
Innvigd 1200-talet
 - Endringar M.a. 1697, 1725, 1832, 1877–78, 1928, 1950-åra, 1996
Klokker 2 (1712 og 1864)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1702
Døypefont 1830-åra
Altartavle 1698
Orgel August Nielsen, 1890 (rest. 1920-talet, 1996)
Sitjeplassar 400
Kart
Heggen kyrkje
59°56′27″N 10°00′03″E / 59.94083333°N 10.00083333°E / 59.94083333; 10.00083333
Wikimedia Commons: Heggen kyrkje

Heggen kyrkje er ei kyrkje i stein frå 1200-talet i Modum kommune i Buskerud. Kyrkja vart utvida og ombygd til krosskyrkje i 1697 og 1725, fekk nytt korparti i 1832, vart òg utvida i 1878, og vart restaurert i 1928 og 1996.

Altartavla er frå 1698, medan preikestolen er litt yngre. I kyrkja er det ein messehakel frå 1764 og eit eksemplar av kong Christian IVs bibelutgåve.

På kyrkjegarden står eit gravkapell i pussa teglstein, og på parkeringsplassen står eit servicebygg i upussa teglstein.

Prestegarden ligg nordvest for kyrkja.

Vindfløya frå kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Vindfløya

Ei vindfløy frå mellomalderen, truleg frå tidleg på tusentalet, var fram til 1702 festa på kyrkja. Vindfløya er ei tre millimeter tjukk gylt bronseplate med inngravert dekor. På eine sida er det bilete av ei ørn, eller truleg ein ørneliknande mytisk rovfugl, som ein orm slyngar seg ikring. På den andre sida er det bilete av eit stort firbeint dyr som spring framover, og eit lite firbeint dyr som snur hovudet bakover og glefser mot det store dyret. Ein dyrefigur i støypt metall er plassert oppå fløya, i spissen. Ein reknar med at fløya opphavleg har vore plassert i stamnen på eit skip, då teikning av ei samling skip som er innrissa på eit trestykke frå mellomalderen som vart funne under dei arkeologiske utgravingane på Bryggen i Bergen syner vindfløyer med liknande fasong i stamnen på desse skipa. Vindfløya, som vert kalla Heggenfløya, er no i Kulturhistorisk museum i Oslo, og trestykket med skipsteikningane frå utgravingane i Bergen er i Bryggens Museum der i byen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 535. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]