Heidelberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heidelberg
Slottet og «den gamle brua» i Heidelberg
Slottet og «den gamle brua» i Heidelberg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Heidelberg
Heidelberg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Karlsruhe
Kreisfri by
Ordførar Eckart Würzner
Geografi
Flatevidd
 - By

108,83 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

150 335
  1 381/km²
Koordinatar 49°25′0″N 8°43′0″EKoordinatar: 49°25′0″N 8°43′0″E
Høgd over havet 114 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 69115–69126
Telefon-retningsnummer 06221, 06202
Bilnummer HD
Heimeside: www.heidelberg.de

Heidelberg er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 150 000 innbyggjarar. Sjølv om byen ikkje er ein del av den omliggande landkreisen Rhein-Neckar-Kreis har han sete i Heidelberg. Namnet Heidelberg kjem av Heidelbeerenberg, tysk for «Blåbærfjellet».

Heidelberg ligg ved elva Neckar der ho renn ut av ein smal og bratt dal i Odenwald og munnar ut i Rhindalen 20 km nordvest for Heidelberg og munnar ut i Rhinen ved Mannheim. Heidelberg er ein del av tett folkesette området kalla Rhein-Neckar-Triangelet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For om lag 600 000 år sidan levde «Heidelbergmannen her og døydde i Mauer i nærleiken. Kjeven hans vart oppdaga i 1907 og er det tidlegaste beviset på liv i Europa.

400-talet fvt. var det ein keltisk festning og heilagdom her. Ein kan framleis sjå spor etter begge. I år 40 vart det bygd ein ny festning som var okkupert av romarane. I år 260 vart leiren erobra av ei germansk stammer.

Spora etter det som i dag er Heidelberg byrjar på 400-talet då landsbyen Bergheim først vart nemnd i dokument frå 769. Bergheim ligg i dag midt i det moderne Heidelberg.

I 863 vart klosteret St. Michael grunnlagd på Heiligenberg inne i den gamle keltiske festninga, og rundt 1130 vart Neuberg kloster grunnlagd i Neckardalen. Samtidig oppretta bispedømet Worms Schönau kloseter i 1142. Det moderne Heidelberg har sine røter i dette klosteret.

I 1155 tok huset Hohenstaufen over Heidelberg slott og dei omliggande busetnadane, og Konrad av Hohenstaufen vart Pfalzgreve av Rhinen. I 1195 vart Pfalz ein del av Huset Welf gjennom giftarmål. Den første referansen til Heidelberg kan ein finne i eit dokument i Schönau kloster frå 1196. Dette vert rekna som året Heidelberg vart grunnlagd. I 1225 gjekk Pfalz vidare til hertug Ludvig I av Bayern.

I 1303 er det nemnd to borger. Den som låg lengst opp i fjellet vart øydelagd av ein krutteksplosjon i 1537, og palasset som ligg i Heidelberg i dag vart så bygd på same stad som den nedste borga. I 1356 får grevane av Pfalz utvida rettar og vart kurfyrstar.

I 1386 vart universitetet i Heidelberg grunnlagd av kurfyrste Rupert I av Pfalz. Universietetet spelte ei viktig rolle for humanisme og reformasjonen, og i konflikten mellom lutheranisme og calvinisme på 1400- og 1500-talet. Biblioteket i Heidelberg, grunnlagd i 1421, er det eldste biblioteket i Tyskland som framleis er intakt. Eit par månadar etter kunngjeringa av dei 95 tesane kom Martin Luther til Heidelberg i april 1518 for å forsvare dei.

Omleiringa av Heidelberg i 1622

I 1620 vart den kongelege krona av Böhmen gjeve til kurfyrste Fredrik V (gift med Elizabeth, den eldste dottera til James VI av Skottland). Han vart kjend som «vinterkongen» sidan han berre regjerte ein vinter før Habsburg tok krona med makt. Dette markerte byrjinga på trettiårskrigen.

I 1622 vart Heidelberg erobra, etter to månader med omleiring, av hæren til den katolske ligaen kommandert av Johann Tserclaes av Tilly. Han gav den kjende Bibliotheca Palatina til paven som ei gåve. Katolikkane fekk kontroll over Pfalz og kurfyrstetittelen. I 1648, mot slutten av krigen, fekk Fredrik V sin son Karl I Ludvig av Pfalz landet og tittelen tilbake.

For å styrke dynastiet sitt gifta han bort dottera si til Liselotte til Filip I av Orléans, bror til Louis XIV, konge av Frankrike. I 1685, etter at Karl Ludvig sin son, kurfyrste Karl II, døydde gjorde Louis XIV grav på svigerinna si arv. Kravet vart avvist og dette starta ein krig. I 1689 vart byen og slottet tatt av franske troppar, som nesten heilt øydela byen i 1693.

I 1720 førte religiøse konfliktar med innbyggjarane i Heidelberg til at kurfyrste Karl III Filip flytta til Mannheim i nærleiken, som vart den nye residensen for kurfyrstane fram til Karl Teodor vart kurfyrste av Bayern i 1777 og etablerte hoffet sitt i München.

Heidelberg gjekk til storhertugdømet Baden i 1803. Karl Fredrik av Baden grunnla universitet på ny og kalla det Ruperto-Carola etter dei to opphavlege grunnleggjarane.

På 1700-talet vart byen bygd om i barokk stil over den gamle gotiske planløysinga. I 1815 danna keisaren av Austerrike, tsaren av Russland og kongen av Preussen «Den heilage alliansen» i Heidelberg.

I 1848 vart det avgjort at ein skulle ha ei tysk nasjonalforsamling i Heidelberg. Under opprøret i Pfalz-Baden i 1849 var Heidelberg hovudkvarter for revolusjonshæren som slo den prøyssiske hæren nær Waghaeusel. Fram til 1850 var byen okkupert av prøyssiske troppar.

Under krystallnatta 9. november 1938 brende nazistar i Heidelberg ned to synagoger i byen. Dagen etter starta ei systematisk deportering av jødar og 150 jødar vart send til Dachau konsentrasjonsleir. 22. oktober 1940 vart 6000 lokale jødar, inkludert 280 frå Heidelberg ført til Gurs.

Heidelberg vart ikkje bomba under den andre verdskrigen fordi den amerikanske hæren ville oppretta ein garnison her etter krigen.

Kjende personar frå Heidelberg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heidelberg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Steven P. Remy: The Heidelberg Myth: The Nazification and Denazification of a German University. Cambridge: Harvard University Press, 2002. 329 P. ISBN 0-674-00933-9.