Heidi Løke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Løke i 2011

Heidi Løke (fødd 12. desember 1982) er ein norsk handballspelar frå Tønsberg, som sidan sommaren 2011 har spela for Győr i Ungarn. Ho har vunne to EM-gull, eitt VM-gull og eitt OL-gull med Noreg i åra 2008-11, samt meisterligaen, tre seriegull og tre cupgull med Larvik HK. Løke er strekspelar, og kan skyte med begge hendene. Mellom 2006 og august 2012 har ho spela 101 landskampar og skåra 342 mål.

Handballspelaren Frank Løke er bror hennar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Løke melde overgang frå handballklubben Runar til Larvik HK i 2000. Då ho fekk lite speletid for Larvik, valde ho i 2002 å melde overgang til Gjerpen, ein annan toppserieklubb. Ho spela for Gjerpen i fem sesongar, deretter var ho ein sesong i danske Aalborg HK. Frå sommaren 2008 spela ho på nytt i Larvik HK, og opplevde stor suksess. Alle dei tre neste åra vart ho serie- og cupmeister med klubben, som i 2011 også vann den europeiske meisterligaen, kort før Løke forlet klubben. Ho vart toppskårar i serien både i 2009 og 2010, og dessutan begge åra kåra til årets spelar i Noreg.

Løke debuterte på Noregs landslag mot Ungarn den 7. april 2006, men etablerte seg aldri på landslaget før europmeisterskapen i Makedonia i desember 2008. Noreg vann meisterskapen, der Løke viste seg som ein av dei beste angrepsspelarane for Noreg. I 2009 fekk Løke VM-bronse etter norsk siger over Spania. Både i 2010 og 2011 var Løke med på norske meisterskapstriumfar. I 2010 vart Noreg europameistrar etter finalesiger over Sverige, og året etter vann Noreg VM-finalen i Sao Paulo med 32-24 over Frankrike. I begge meisterskapane kom Løke med på «allstar»-laget som beste strekspelar.

Under OL 2012 i London vart ho olympisk meister etter at Noreg vann finalekampen med 26-23 over Montenegro.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2008 – Gull
  • VM 2009 – Bronse
  • EM 2010 – Gull
  • VM 2011 – Gull
  • OL 2012 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]