Heidi Sørensen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidi Sørensen (fødd 14. februar 1970 i Levanger i Nord-Trøndelag) er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. Ho har sidan 18.oktober 2007 vore statssekretær i Miljøverndepartementet, der ho etterfylgde Henriette Westhrin.
Ho vart valt inn på Stortinget frå Oslo i 2001, er vararepresentant i perioden 2005–2009, og møtte fast for Kristin Halvorsen inntil ho vart statssekretær i Miljøverndepartementet i oktober 2007. Etterfylgjaren hennar som møtande vararepresentant er Akhtar Chaudhry.
Heidi Sørensen var leiar av Natur og Ungdom frå 1993 til 1994 og Norges Naturvernforbund frå 1995 til 1998. Ho fekk Ole Vig-prisen i 1995.
Stortingskomitear [endre]
- 2005–2009 medlem av Energi- og miljøkomiteen.
- 2001–2005 medlem av Samferdselskomiteen.
- 2001–2005 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen.
Bakgrunnsstoff [endre]
| Føregjengar Åsne Berre Persen |
Leiar i Natur og Ungdom 1993–1994 |
Etterfylgjar Lars Haltbrekken |