Heidi Zurbriggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heidi Zurbriggen
Statsborgarskap Sveits
Fødd 16. mars 1967 (57 år)
Saas-Almagell
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998

Heidi Zurbriggen (fødd 16. mars 1967) frå Saas-Almagell i kantonen Valais i Sveits, er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann to VM-sølv i utfor og tre enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner. Pirmin Zurbriggen er ein eldre bror.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zurbriggen kom første gongen på pallen i verdscupen 12. desember 1986 då ho kom på tredjeplass i utfor i Val-d’Isère. I desember 1987 vart ho skadd under trening og mista resten av sesongen. Under verdsmeisterskapen i alpint 1989 i Vail kom ho på fjerdeplass i utfor, fire hundredels sekund bak bronsevinnaren.

Under VM i alpint 1996 i Sierra Nevada fekk Zurbriggen sølvmedalje i utfor bak Isolde Kostner. 6. mars 1996 vann ho sin første av totalt tre sigrar i verdscupen, då ho vann i utforløypa i Kvitfjell i Øyer. Ho tok endå eit VM-sølv i utfor under VM i alpint 1997 i Sestriere, seks hundredelar bakom Hilary Lindh frå USA.

Zurbriggen la opp i 1997.

Sigrar i verdscupen[endre | endre wikiteksten]

Dato Sted Land Disiplin
6. mars 1996 Kvitfjell Noreg Utfor
11. januar 1997 Bad Kleinkirchheim Austerrike Utfor
23. januar 1997 Cortina d'Ampezzo Italia Utfor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]