Heikki Hasu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heikki Hasu i 1952

Heikki Vihtori Hasu (fødd 21. mars 1926) er ein finsk, tidlegare langrenns- og kombinertløpar, samt bonde og politikar frå Sippola. Han vart olympiameister i kombinert i 1948 og verdsmeister to år seinare. I 1952 vann han OL-gull med Finlands lag i 4x10 km stafett. Elles vann han OL-sølv i kombinert i 1952, og VM-sølv i stafett i 1950.

Hasu var gardbrukar i Sippola og seinare i Anjalankoski. På 1960-talet representerte han Bondepartiet/Senterpartiet i den finske nasjonalforsamlinga.

Skiidrett[endre | endre wikiteksten]

Hasu vann gullmedaljen i kombinert under OL 1948 i St. Moritz, med stor margin til landsmannen Martti Huhtala som fekk sølvet. Han braut dermed den norske sigerrekka i kombinert i olympiske leikar, beste nordmann kom fyrst på sjetteplass. Hasu kom også på fjerdeplass i 18 kilometer langrenn, tre svenskar forsynte seg med medaljane.

I 1949 vart Hasu nummer to i kombinertrennet i Holmenkollen, norske Per Sannerud vann. Under VM 1950 i Lake Placid gjekk Hasu atter til topps i kombinert, og var også med på det finske stafettlaget som tok sølv; Sverige tok gull, Noreg fekk bronse. Men i Holmenkollen kom han som året før på andreplassen, Simon Slåttvik syrgde for norsk siger. I Lahti i 1951 var rollene omsnudd, der vann Hasu føre Slåttvik.

Vinteren 1952 vann Hasu ein suveren siger i kombinert i Lahti-spelen og vart nummer to på 18-kilometeren. Hasu deltok så med bravur i OL 1952 i Oslo. Han kom på fjerdeplass på 18 km og tok sølv i kombinert, som året før vart Simon Slåttvik hans overmann i kombinerttevlinga. Til sist gjekk Hasu startetappen på stafetten, der Finland vann gull med klar margin. Etter olympiaden var han tildelt Holmenkollmedaljen.

Hasu vann i 1953 kombinertrennet i Lahti-spelen for femte og siste gong. Året etter avslutta han med å verte nummer ni i kombinert i ski-VM i Falun.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Hasu vart vald inn i nasjonalforsamlinga, Den finske riksdagen, i 1962 for Bondepartiet. Han hadde sete i riksdagen til 1966. Ved parlamentsvalet i 1966 tapte han plassen sin, men då det vart skrive ut nyval året etter, fekk han nye tre år (1967-70) i riksdagen for partiet som hadde endra namn til Centerpartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]