Heilag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Heilag viser til noko som er tett knytt til ein guddom, ein religion eller til religiøs utøving. Det heilage er ofte skild frå det vanlege verdslege. Ein kan mellom anna rekna gudshus og pilegrimsmål som heilagdomar.

Ordet er avleidd frå norrønt heilagr som opphavleg kom frå eit subst som tydde 'lykke', og er i slekt med ordet «heil» (norr. heill). Namn som Helga og Helge har tydinga 'heilag'.

Som bibelsk uttrykk viser ordet heilag til Guds grunnhått og eigenart, åtskilt og opphøgd frå alt som er ureint. Etter gammeltestamentleg lære måtte ingen komme nær det heilage utan å vere reinsa eller vigsla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]