Heilagdagkaktus
Heilagdagkaktus (julekaktus, påskekaktus o.l.) er nærskylde artar i slekta Schlumbergera eller moglegvis Hatiora gaertneri, ofte kalla Zygocactus i eldre arbeid. Dei er sukkulente og har blitt odla i meir enn 150 år og ein har fått plantar med blomster som går frå raud, lilla og fersken til kvitt og kvar plante kan ha talrike blomstrar. Dei kjem frå skogkaktus og veks som epifyttar i 1000 til 1700 meter (3300 to 5600 feet) høgd i Orgelfjella nord for Rio de Janeiro søraust i Brasil. Dei blir kalla Flor de Maio (Maiblomst) i Brasil.
Mange moderne heilagdagkuktus er hybridar mellom Schlumbergera truncata og S. russelliana som først vart hybridisert for omlag 150 år sidan i England.
Innhaldsliste |
[endre] Hybridar
Heilagdagkuktus (Schlumbergera og Hatiora hybridar) inkluderer:
- Julekaktus, (S. bridgesii, S. x buckleyi, Epiphyllum x buckleyi)
- Novemberkaktus, Thanksgiving Cactus, Yoke Cactus, Linkleaf Cactus, Crab Cactus, Claw Cactus, (S. truncata, tidlegare Zygocactus truncatus)
- Påskekaktus, (Rhipsalis gaertneri eller Hatiora gaertneri - tidlegare Rhipsalidopsis gaertneri)
Andre synonym inkluderer: Epiphyllum altensteinii, Schlumbergera truncata var. altensteinii, Zygocactus truncatus var. altensteinii, Epiphyllum bridgesii, Epiphyllum truncatum var. bridgesii, Zygocactus bridgesii, Epiphyllum delicatum, Schlumbergera truncata var. delicata, Zygocactus delicatus, Epiphyllum ruckeri, Epiphyllum ruckerianum, Cactus truncatus, Epiphyllum truncatum.
[endre] Sortar
- 'Marie' (Djupraude blomster)
- 'Sonja' (lyseraude blomster)
- 'Delikatum' (kvite blomster)
- 'Sanne' (fløtekvite blomster)
- 'Dark Sonja' (cyclamenraude blomster)
- 'Orange Triumph' (orangeraude blomster)
- 'Tina' (kvite blomster)
- 'Dark Marie' (mørkt raude blomster)
[endre] Galleri
[endre] Sjå òg
- bladkaktus
- Rhipsalis salicornioides (òg ein trekroneepifytt)
- kaktus
- Rhipsalidopsis
- sukkulent